Det er framleis høg vassføring i Svandalsfossen. Arkivfoto.
Det er framleis høg vassføring i Svandalsfossen. Arkivfoto.

Vegtrafikksentralen: – Manuell dirigering på grunn av flom

Framleis stor vassføring i Svandalsfossen.

Onsdag morgon, klokka 08.11 oppdaterte Vegtrafikksentralen sin trafikkinformasjon.

Der kjem det fram at det framleis er manuell dirigering ved Svandalsfossen på Fylkesveg 520.

– Manuell dirigering på grunn av flom, skriv Vegtrafikksentralen i si melding.

Den manuelle dirigeringa starta tysdag ettermiddag og gjeld inntil vidare.