Med stenginga litle julaftan, er det tredje gong den siste månaden at stor vassføring i Svandalsfossen har ført til stenging eller manuell dirigering av Fylkesveg 520 ved fossen. Klokka 19 blei vegen igjen opna for trafikk, med manuell dirigering på staden. Bildet er frå 7. desember, sist vegen måtte stengast som ein følge av mykje vatn i fossen. Foto: Even Emberland.

Svandalsfossen: Manuell dirigering

Det er opna for trafikk igjen, etter at vegen var stengt torsdag.

Klokka 13.45 opplyser Vegtrafikksentralen at vegen igjen er open for trafikk. Det er manuell dirigering på begge sider av fossen.

Klokka 11.39: Vegtrafikksentralen opplyser at stenginga skuldast flaum. Den første opplysinga frå Vegtrafikksentralen, klokka 10.57, om at stenginga skuldast eit jordras, var ikkje riktig.

Klokka 10.57: – Nå er det stengt for vanleg trafikk. Kun utrykningskøyretøy får passere, sa kommunalsjef teknisk Randi Karin Habbestad torsdag føremiddag.

Mannskap som dreiv manuell dirigering ved fossen opplyste rundt klokka 10.30 at vassføringa hadde blitt større og større frå morgonen av og fram til då.

Før vegen blei stengt ved Svandalsfossen torsdag, opplyste Habbestad at ho har varsla Helgøy Skyssbåt om at det vil vere behov for ein beredskapsbåt i Sauda så snart som mogleg om vegen blir stengt, slik den nå har blitt.