Auka eigedomsskatt betyr tusenlappar for den enkelte, men millionar for Sauda kommune. 13. desember skal kommunestyret vedta neste års budsjett. Foto: Edd Meby.
Auka eigedomsskatt betyr tusenlappar for den enkelte, men millionar for Sauda kommune. 13. desember skal kommunestyret vedta neste års budsjett. Foto: Edd Meby.

Meiner skatten er høg nok

Bebuarar på Øgreidkaien meiner politikarane bør unngå å auke eigedomsskatten.

Sauda kommune må finne ut korleis dei skal klare seg utan 4,4 millionar kraftkroner neste år, i eit pressa budsjett. Saudaordførar Asbjørn Birkeland seier at han frå sentralt hald får til svar at kommunen må auke eigedomsskatten på hus og hytter dersom dei ikkje klarer ein reduksjon i skatteinntekter frå næringslivet. Ordføraren meiner derfor at ein auke i eigedomsskatten bør bli eit diskusjonstema i Sauda.

Eivind Hillestad, som er styreleiar i sameiget på Øgreidkaien, meiner det blir for lettvint å sende rekninga til mannen i gata.

– Me betaler nok i eigedomsskatt på bustader i dag. Den bør ikkje aukast, særleg ikkje fordi dei kommunale avgiftene på vatn og avgift vil stige, seier Hillestad.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.