Fleirtalet av dei lokale drosjesjåførane kan frakte opp til åtte passasjerar. Leiar av Sauda Drosjesentral, Jarle Kvaløy (til høgre), ber Kolumbus droppe 16-seterskravet når "Hent meg" skal ut på anbod. Frå venstre, sjåførane Kåre Amdal og Aleksander Helland. Foto: Frank Waal.

Drosjene vil køyre hentebuss

Drosjesjåførane i Sauda ber Kolumbus utforme det nye ”Hent meg”-tilbodet slik at dei kan vere med i konkurransen.

Til sommaren blir dei lokale bussrutene i Sauda lagt ned. Dei blir erstatta av eit nytt tilbod kalla ”Hent meg”. Busspassasjerane ringer og bestiller transport, og det kostar det same som ein bussbillett.

”Hent meg” skal ut på anbod. Utfordringa er at Kolumbus ønsker at dei som vinn anbodet kan transportere 16 passasjerar. Drosjesjåførane i Sauda kan i dag transportere åtte passasjerar.

– Dette er eit oppdrag me ønsker å vere med å konkurrere om. Men seks av dei sju som har drosjeløyve i Sauda har ikkje sertifikat for å tranportere fleire enn åtte passasjerar, seier Jarle Kvaløy, som er leiar av Drosjesentralen Sauda.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.