*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder *** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
Eramet Norway i Sauda.

Eramet og Statkraft einige om kraftavtale

Gigantselskapa er einige om ein ny industrikraftavtale for 2021 til 2030. Samla er leveransen på rundt åtte milliardar kilowattimar, eller åtte terrawattimar.

Tysdag ettermiddag gjekk det ut ei pressemelding frå Statkraft kor dei informerer om at Statkraft og Eramet Norway har inngått ein industrikraftavtale for perioden 2021 til 2030.

Leveransen er på rundt åtte terrawattimar (TWh), eller åtte milliardar kilowattimar (kWh). Til samanlikning gir nettsida kommunekraft.no eit døme på at det i Drammen i løpet av eitt år blir brukt éin TWh. I Drammen bur det drygt 60 000 personar.

– Me har ein lang og god historie med Eramet Norway og samarbeider på fleire område. Målet vårt er at totalpakken me tilbyr vil gjere Statkraft til ein attraktiv og føretrekt partnar for kraftforedlande industri i Norge også framover. Avtalen med Eramet Norway er eit viktig skritt på vegen mot dette målet, seier konserndirektør i Statkraft Hallvard Granheim i pressemeldinga.

Eramet Norway har tre prosessanlegg under seg. Smelteverket i Sauda er eitt av dei, saman med smelteverka i Kvinesdal og i Porsgrunn.

– Denne avtalen sikrar Eramet Norway føreseielege og langsiktige kraftleveransar, på konkurransedyktige vilkår, til våre smelteverk i Norge også i det vidare. Dette bidrar til å styrke smelteverkas konkurranseevne, noko som er avgjerande i den globale konkurransen som Eramet deltar i kvar einaste dag, seier administrerande direktør i Eramet Norway Bjørn Kolbjørnsen.