Kommunestyret freda eigedomsskatten i budsjettet for 2018. Foto: Edd Meby.
Kommunestyret freda eigedomsskatten i budsjettet for 2018. Foto: Edd Meby.

Rører ikkje eigedomsskatten

Politikarane måtte kutta ytterlegare 4,4 millionar kroner i budsjettet for 2018, men ville ikkje legga rekninga over på innbyggarane.

To år gamle endringar i grunnrentebeskatninga for kraftverk fører til at Sauda kommune vil mista 4,4 millionar kroner i skatteinntekter frå kraftverk neste år. I dei påfølgande åra vil dette inntektstapet bli endå høgare.

Dette var ikkje klart for kommunen då rådmannen laga sitt forslag til budsjett og økonomiplan, og rådmannen og politikarane fekk dermed ei ekstra utfordring med å finna 4,4 millionar kroner i eit alt skrapa budsjett.

Under møtet i kommunestyret onsdag denne veka var dei 19 politikarane einige om at ein auke i eigedomsskatten for hus og hytter ikkje var ei grei løysing. Løysinga blei å redusera driftsoverskotet.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.