Harald Bryne og Tove Lau tar over Brynes konditori etter førstnemnde sin far. Foto: Even Emberland.
Harald Bryne og Tove Lau tar over Brynes konditori etter førstnemnde sin far. Foto: Even Emberland.

Ektepar overtar Brynes konditori

Konditoriet er inne i sitt 56. leveår. Nå håpar Harald Bryne og kona Tove Lau å sikre ei god vidareføring av familiebedrifta.

Harald Bryne er son av Leif Harald Bryne, som er styreleiar i Brynes konditori og konditor av yrke. Nå er han og kona Tove Lau klare for å ta bedrifta vidare.

– Eg har lenge hatt lyst, og me har dei siste åra snakka om det. Tidlegare har me ikkje sett korleis me skulle få det til, men nå var timinga perfekt. Det har passa med alt, med jobb, ungar og barnehageplass. Det er ei som ei troppeforflytting, og nå går kabalen opp, seier Harald Bryne og smiler.

Lau går inn i bedrifta som dagleg leiar, medan Bryne overtar styreleiarvervet etter faren sin. Bryne vil kombinere styrevervet og bidrag i konditoriet med jobb i investeringsselskapet Norfonds ASl, som også Lau jobba i før dei nå har flytta til Sauda.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.