Målet til arbeids- og inkluderingsselskapet er å få til bakeridrift i det tidlegare Leif Moe-bygget i sentrum.

Rysteg, med dagleg leiar Håvard Rosnes i spissen, jobbar med planar om å starta eit bakeri i Sauda sentrum. Målet er brød- og gjærbakst, påsmurt mat – og eit utsal av lokalproduserte matvarer. Elisabeth Bø og Brede Svendsen er blant dei Rysteg-tilsette som gler seg til å bli med på å driva bakeri. Foto: Ingvil Bakka.

Rysteg vil starta bakeri

Målet til arbeids- og inkluderingsselskapet er å få til bakeridrift i det tidlegare Leif Moe-bygget i sentrum.

av Ingvil Bakka

– Mange i Sauda har etterlyst eit bakeri, og me i Rysteg har lenge vore på jakt etter gode, kjønnsnøytrale og serviceretta arbeidsoppgåver, fortel Håvard Rosnes, dagleg leiar i Rysteg.

Måndag denne veka vedtok styret i arbeids- og inkluderingsbedrifta å gå vidare med planane om å starta opp med bakeridrift i Sauda sentrum. Rysteg har alt jobba lenge med bakeriplanane, men det er først nå er dei klare til å bekrefta arbeidet i Ryfylke.

Sauda omstilling har vore med og støtta den tidlege fasen av forretningsutviklinga.

Sauda har stått utan bakeri sidan Øyra Bakeri blei totalskadd i ein stor brann i mai 2016.

Tidlegare i år blei det brannskadde bygget rive, og det er foreløpig uvisst kva som skjer med tomta. Byggfirmaet Ryfylke Bygg as kjøpte på seinsommaren i år nabobygget til branntomta, Rådhusgata 27, og firmaet er i dag i gang med å totalrenovera det nitti år gamle sentrumsbygget. Det er her, i dei tidlegare Leif Moe-lokala, at Rysteg ønsker å driva eit nytt saudabakeri.

Ifølge Rosnes er planen til Rysteg å oppretta eit eige selskap som skal stå bak bakeriet. Ein vil tilsetta både faste bakarar og arbeidsleiarar, samtidig som bakeriet blir ein fin arbeidstreningsplass for personar som av ulike årsaker er tilknytt Rysteg. Arbeidstreninga vil vera knytt til både servicedelen bak kassen i bakeriet, og til dagleg rydding, vasking og transport.

Les meir i papriutgåva i dag, fredag, eller last ned eavis her