Politikarane vil ha planen på sitt bord i januar, men ennå har ikkje planen blitt sendt ut på høyring.

Ivar Tangeraas fryktar at kulturminneplanen, slik den ligg føre nå, kan bidra til at kommuneplanen for Sauda blir ein ”museumsplan”. Egne Hjem er foreslått som ”omsynssone”, der ein må ta spesielle hensyn med tanke på endringar og tiltak. Foto: Ingvil Bakka.

Kulturminneplan med hastverk?

Politikarane vil ha planen på sitt bord i januar, men ennå har ikkje planen blitt sendt ut på høyring.

av Ingvil Bakka

Politikarane vil ha planen på sitt bord i januar, men ennå har ikkje planen blitt sendt ut på høyring.

– Eigentleg hastar det ikkje med eit kulturminneplan-vedtak, men kommunestyret vedtok at den skal leggast fram til politisk behandling alt i januarmøtet, så me gjer bare det me blir bedt om. Me jobbar med å få sendt planen ut på høyring før nyttår. Formannskapsmøtet er 24. januar, seier rådmann Rune Kloster Tvedt.

Roy Høibo har utarbeida eit forslag til ein kulturminneplan for Sauda. Han har jobba med planen i mange månader, og resultatet er eit 185 sider langt dokument med namnet ”Kraftkultur og kulturkraft. Kulturminneplan Sauda 2017.”.

I årets siste kommunestyremøte, onsdag 13. desember, blei planen lagt fram for politikarane. I rådmannen sitt forslag til vedtak, var det lagt inn ”Kommunestyret tar kulturminneplanen til orientering”. Etter forslag frå Høgres Dagfinn Birkeland blei det vedtatt at planen skal leggast ut på høyring og at det skal opp til politisk behandling i formannskapet i januar.

Rådmann Rune Kloster Tvedt er ikkje den einaste som fryktar at det kan bli knapt med tid. Tidlegare høgrepolitikar Ivar Tangeraas innrømmer at han hoppa i stolen, både då han las gjennom kulturminneplanpapira og då han såg den korte høyringsprosessen.

– Eit par veker på ein så stor og viktig plan er altfor kort. Ein skal dessutan gå gjennom dei innkome innspela og jobba desse inn i saksframlegget. Eg meiner det er heilt urealistisk å få til ein grundig og god prosess på denne måten, seier Tangeraas.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her