Med stenginga litle julaftan, er det tredje gong den siste månaden at stor vassføring i Svandalsfossen har ført til stenging eller manuell dirigering av Fylkesveg 520 ved fossen. Klokka 19 blei vegen igjen opna for trafikk, med manuell dirigering på staden. Bildet er frå 7. desember, sist vegen måtte stengast som ein følge av mykje vatn i fossen. Foto: Even Emberland.

Sauda blei isolert på litle julaftan

Stor vassføring i Svandalsfossen skaper igjen problem for saudasamfunnet. Vegen blei opna med manuell dirigering på staden rundt klokka 19.

OPPDATERT: Klokka 19.08 informerte Vegtrafikksentralen at Fylkesveg 520 ved Svandalsfossen igjen var open for trafikk, men med manuell dirigering på staden som ein følge av vassmengdene i fossen.

Like før klokka 13 blei det lagt ut melding frå Vegtrafikksentralen om at Fylkesveg 520 er stengt ved Svandalsfossen.

– Stengt på grunn av oversvømmelse. Ingen omkøyringsmoglegheiter, utrykningskøyretøy kan passere, skriv Vegtrafikksentralen.

Teknisk sjef i Sauda kommune Randi Karin Habbestad skreiv i ei tekstmelding klokka 14 at det er vakter som blir ved fossen slik at vegen kan opnast så snart det lar seg gjere igjen.

Også andre stader i Sauda har fått kjenne på dei betydelege nedbørsmengdene litle julaftan.

– Det har gått ras langs Åbødalsvegen, og vatn har undergravd Grønsdalsvegen, opplyser Habbestad.

Jordraset i Åbødalen skjedde på austsida av elva, nær vegen som bind saman Solbrekk og Djupadal. Vegen blei litle julaftan stengt som ein følge av jordraset.

– Teknisk eining er på staden, og det er bestilt entreprenør. Me jobbar så raskt me kan med å få opna igjen, skriv Sauda kommune på si facebookside laurdag ettermiddag.

Jordraset trefte eit hus det ikkje var folk i. NRK Rogaland skriv laurdag kveld at eit område rundt rasstaden blei sperra av, og ein familie blei evakuert.