Det blir jul likevel, men Andrea Bistey og borna får ikkje flytta heim til huset i Åbødalen før tysdag. Foto: Privat.
Det blir jul likevel, men Andrea Bistey og borna får ikkje flytta heim til huset i Åbødalen før tysdag. Foto: Privat.

Heimlaus i jula

Andrea Bistey måtte evakuere huset på veslejulafta på grunn av eit jordras. Ho og borna får ikkje flytta heim igjen før tidlegast tysdag.

– Det var heilt forferdeleg skummelt. Eg hadde høyrt bråk ute og gjekk ut for å ta bilder av alt vatnet og steinane i vegen. Eg var opptatt med telefonen min då eg plutseleg høyrde eit voldsomt bråk. Det kom ei stor «bølge» av vatn og jord mot meg og eg måtte springa vekk, fortel Andrea Bistey.

Det var på ettermiddagen i går, vesle julafta, at det gjekk eit større jordras bak eit ubebudd hus i Åbødalen. Store vassmengder, jord og stein velta nedover langs det ubebudde huset og vidare nedover mot Åbødalsvegen. I dag, julafta, er Åbødalsvegen i dette området framleis stengt.

Kommunalsjef teknisk, Randi Karin Habbestad, fortel om ein hektisk 23. desember.

– Me bad om assistanse frå politiet, for å få vurdert situasjonen. Det tok lang tid før dei kom til Sauda. I tillegg var det problem med store vassmengder andre stader i Sauda, blant anna på Grønsdal, der ein bekk blei til ei elv, noko som førte til undergraving av vegen, slik at asfalten letta, fortel Habbestad.

I tillegg var vegen forbi Svandalsfossen stengt i ein periode.

– Det var veldig mykje på ein gong. Nå er det tredje gong på kort tid at Sauda er isolert. Nå er det på tide at noko blir gjort. Eg har bedt om eit møte med vegvesenet tidleg i januar, seier ho.

For Andrea kan det ta dagar før ho får flytta tilbake til det vesle kvite huset i Åbødalen, ein heim ho har hatt i to månader. Andrea, som bur saman med sine to barn på 11 og 10 år, var åleine heime då vassmassane buldra nedover langs hussida vesle julafta.

– Borna var hos far sin, der dei skal feira jul. Eg har fått mange tilbod frå andre om å få feira jul hos dei, men eg har budd hos eksmannen min i nattt, og blir nok verande her. Eg har fått beskjed om at eg iallfall ikkje kan flytta heim før tysdag, seier ho.

Då ho blei evakuert fekk ho heldigvis lov til å raska med seg det aller nødvendigaste.

Borna og alle rundt henne er naturleg nok rysta etter dramatikken.

– Eg har vist dei bilder og film frå då eg stod ute og då eg plutseleg måtte springa vekk. Det er klart at ungane er litt skremt, seier ho.

Kommunalsjef Randi Karin Habbestad opplyser at kommunen sine folk har halde rasområdet under oppsikt det siste døgnet, og vil framleis følga med på situasjonen.