Energimontør-lærling Stian Jårvik fekk det ærefulle oppdraget med å gi bort årets julegåve, på vegner av Haugaland Kraft. Sauda Røde Kors Hjelpekorps er her representert ved administrativ leiar Karina Johannesen og korpsleiar Pål Rydningen. Foto: Frank Waal.
Energimontør-lærling Stian Jårvik fekk det ærefulle oppdraget med å gi bort årets julegåve, på vegner av Haugaland Kraft. Sauda Røde Kors Hjelpekorps er her representert ved administrativ leiar Karina Johannesen og korpsleiar Pål Rydningen. Foto: Frank Waal.

Gav julegåva til Hjelpekorpset

Sauda Røde Kors Hjelpekorps fekk 50 000 kroner i julegåve frå dei tilsette i Haugaland Kraft.

Haugaland Kraft har avvikla ordninga med at tilsette får julegåve frå bedrifta. Istaden går pengane til gode formål i dekningsområdet til Haugaland Kraft. I år blei det delt ut ei stor julegåve på 50 000 kroner, og tre mindre julegåver. Den store julegåva gjekk til Sauda Røde Kors Hjelpekorps.

– Eg blei litt sett ut. Det kom som julekvelden på kjerringa, seier korpsleiar Pål Rydningen.

Han synest det var ei råflott julegåve.

Geir Åsheim ved Haugaland Kraft si avdeling i Sauda synest det er gledeleg at den største julegåva gjekk til eit godt formål i Sauda.

– Sauda Røde Kors Hjelpekorps er aktive, dei gjer ein god jobb og fremstår utad på ein positiv måte. Dei fortener pengane, seier Åsheim.

Pål Rydningen opplyser at Hjelpekorpset har mange utgifter og mykje utstyr dei bruker.

– Me har nyleg oppgradert vinterkjøretøya våre. For ikkje lenge sidan fekk me ei ny båre me har ønska oss lenge.

Men framover må dei snart gjere nye investeringar.

– Den eldste mannskapsbilen vår må snart byttast ut. Den er frå 1992. I tillegg har me bruk for nye kart og nettbrett. Dette kostar pengar. Sjølv det å kjøpe inn plaster kostar pengar, påpeiker Rydningen.

Administrativ leiar Karina Johannesen opplyser at dei skal ta eit møte og finne ut korleis dei skal disponere den uventa julegåva.

Rydningen synest det er ekstra kjekt at dei blir lagt merke til utanfor kommunegrensene, sidan dei var i konkurranse med svært mange på Haugalandet om å få årets store julegåve frå dei tilsette.

– Men me opererer over eit stort område. Me kan for eksempel vere med på ein leiteaksjon på Bømlo, seier Rydningen.

Gunn Margareth Lassesen, direktør for kommunikasjon og kundetenester i Haugaland Kraft, legg ikkje skjul på at ho er stolt av dei tilsette i Haugaland Kraft.

– Eg er litt kry over mine kollegaer som velger å gi bort si eiga julegåve til slike gode formål.