Bedriftene i regionen hadde høgare omsetting i andre tertial 2017, samanlikna med andre tertial 2016. Det viser ein oversikt Tveit Regnskap AS har laga.

Eramet Norway i Sauda.

Omsettingsvekst i næringslivet

Bedriftene i regionen hadde høgare omsetting i andre tertial 2017, samanlikna med andre tertial 2016. Det viser ein oversikt Tveit Regnskap AS har laga.

av Frank Waal

Veksten i gjennomsnitt for alle bransjer sett under eitt er på sju prosent. Industribedriftene i Tveit Regnskap sitt utval hadde ein omsettingsvekst i snitt på 30 prosent. Tveit Regnskap fører rekneskap og bistår med økonomitenester for 2500 bedrifter i regionen. Innan bygge- og anleggsbransjen er omsettinga omtrent lik, men andre tertial i fjor hadde ei sterk utvikling i denne bransjen. Det er derfor fleire som reduserer resultatet enn styrkar resultatet innan bygge- og anleggsbransjen.

Innan varehandelen er det ei forsiktig vekst samanlikna med andre tertial 2016.