Det nederlandske selskapet som har søkt om å etablere fiskeoppdrett i Saudafjorden har utelukka andre alternativ: – Sauda er vårt beste alternativ, opplyser Max Gaillard. Foto: Frank Waal.
Det nederlandske selskapet som har søkt om å etablere fiskeoppdrett i Saudafjorden har utelukka andre alternativ: – Sauda er vårt beste alternativ, opplyser Max Gaillard. Foto: Frank Waal.

Albatros Technology: – Me vil kun til Sauda

Det nederlandske selskapet som ønsker å starte fiskeoppdrett i Sauda, opplyser at Sauda er det einaste alternativet dei ser på.

Onsdag var representantar frå det Heerema-eigde selskapet Albatros Technology i Sauda. Selskapet har søkt Fiskeridirektoratet om utviklingstillatelse til å starte oppdrett av laks. Nålauget for å få utviklingstillatelse er trongt, men det nederlandske selskapet er optimistiske og meiner dei har ein god søknad.

Onsdag møtte selskapets representantar ordføraren, Sauda Vekst, kommunalsjef teknisk og næringslivsaktørar i Sauda. Tidlegare blei det opplyst at selskapet såg på fleire alternative lokasjonar å plassere oppdrettsanlegget dersom Fiskeridirektoratet seier ja. Onsdag kunne selskapets representantar opplyse at dei nå kun sit igjen med Sauda som alternativ.

– Sauda har alt av infrastruktur me treng for å få til dette. Får me utviklingstillatelse så blir oppdrettsanlegg plassert i Sauda, understrekar Jasper van Eijk i Heerema Fabrication Group.

For å drifte oppdrettsanlegget på fjorden gjennom døgnkontinuerleg drift året rundt, ser selskapet for seg å trenge nær 50 tilsette.

I tillegg kjem drift av smoltanlegg, transportoppdrag av smolt til anlegget og ferdig laks frå anlegget. I tillegg drift av andre service- og støttefunksjonar. I sum nye titals arbeidsplassar.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.