Bøndene blir bedt om å fylla gjødselvognene sine med vatn og brannmannskapa går ekstravakter. Sjeldan har skogrannfaren vore større i Sauda.

Leiar i Sauda Bondelag, Ola Magnar Birkeland, fyller velvillig opp gjødselvogna si med 9000 liter vatn, klar til å rykka ut til ein eventuell skogbrann. Foto: Ingvil Bakka.

Ekstrem skogbrannfare – Sauda i beredskap

Bøndene blir bedt om å fylla gjødselvognene sine med vatn og brannmannskapa går ekstravakter. Sjeldan har skogrannfaren vore større i Sauda.

av Ingvil Bakka

– Nå har det ikkje regna på fleire veker, og skogbrannfaren er stor. Faren blir ikkje redusert av ei lita ettermiddagsbøye heller. Det må regna ein god del før skogbrannfaren blir redusert, seier Harald Eikrem, beredskapskoordinator i Sauda kommune.

Sist det regna i Sauda var på Kristi himmelfartsdag, 10. mai, og det kom då langt mindre regn enn meteorologane varsla.  Resten av mai har vore knusktørr, med strålande sol og sydenvarme. Ti-dagarsvarselet til yr.no varslar om at det varme og tørre vêret held fram.

Alle i beredskap
Ryfylke var på kontoret til beredskapskoordinatoren tysdag. Eikrem var då fullt opptatt med å informera både kommunekollegaer, ulike næringslivaktørar og bønder om den ekstreme skogbrannfaren.
– Det er viktig at alle er klar over at skogbrannfaren er ekstrem nå. Alle må ta førehaldsreglar. Blant anna bør ein ikkje bruka større kantklipparar, då ein kan skapa gneistar om ei treffer på ein stein. Ulike skogsmaskinar kan også utgjera ein risiko. Folk som røyker må vera ekstra påpasselege på kor ein gjer av sneipane, seier Eikrem.
I tillegg har Eikrem bedt om at skytebanen på Lyngmyr blir stengt, også det i frykt for at gneistar frå skytinga kan skapa skogbrann.

Forbod mot bål og grilling
Også vanlege innbyggarar blir bedt om å vera ekstra varsame i vekene framover. Det er nå forbod mot å tenna bål og grillar i eller i nærleiken av skog og mark. Dette gjeld også bålpanner, stormkjøkken og andre kokeapparat. Eikrem seier ein er usikker på om ei bålpanne juridisk sett blir rekna som open eld. Ei bålpanne kan ha ein gneistfangar, og er såleis noko tryggare enn open eld.
– Men må du tenna opp bålpanna på hytta, så tenk på kor den står, og kva vindretninga er. Det beste er likevel om folk unngår bruk av også bålpanne med gneistfangar nå. Kjem ein gneist ut, kan du vera ansvarleg for at ein stor skogbrann startar, seier Eikrem.
Det er framleis lov å grilla heime i eigen hage, men også her ber Eikrem folk om å vera ekstra varsame.

Hyrer inn bøndene
Sauda brannvesen var under Saudadagane i ekstra beredskap grunna mykje folk i bygda, i bubilar og hytter, kombinert med den ekstreme skogbrannfaren. I vekene er beredskapen foreløpig normal, men Eikrem seier at brannvesenet vil ha ekstra mannskap på vakt i helgane framover.
Nå blir også bøndene bedt om å bli ein del av skogbrann-beredskapen. Bøndene i Sauda og Vanvik blir bedt om å fylla gjødselsvognene sine med vatn, klare til å bistå brannvesenet ved ein eventuell skogbrann. Leiar i Sauda Bondelag, Ola Magnar Birkeland, gjekk straks i gang med å fylla vogna si med 9000 liter vatn etter telefonen frå Eikrem tysdag.
– Denne avtalen med oss bønder var Inge Seim (nåverande konstituert brannsjef, red. merkn.) sin ide for nokre år sidan. Me stiller sjølvsagt opp, seier Birkeland.
Ei fullasta gjødselvogn vil vera ein viktig ressurs i eit eventuelt brannslokkingsarbeid, ikkje minst i ulent terreng, der ein traktor kan ta seg lettare opp kronglete skogsvegar enn brannbilar. Ei gjødselvogn har ei pumpe som kan spreia vatnet ut.

Fare for slåtten
Ola Magnar Birkeland fortel at han ikkje har brukt for å spreia gjødsel på bøane sine nå. Foreløpig veks graset grønt hos han.
– Men nå treng me verkeleg regn, på alle vis, både for gras og dyra våre. Blir det ikkje regn snart, må ein vurdera å ta førsteslåtten alt nå, seier han.
I eit normalår tar bøndene i Sauda den første av to, kanskje tre, slåttar den andre veka i juni. Birkeland fortel at han ein gong måtte slå alt 2. juni. Kanskje blir det tidleg slått også i år.
– Foreløpig ser det greitt ut her hos meg, men det er fare for at graset blir for tørt og rotnar. Då er det viktig å få det i hus før dette skjer, seier han.