DCIM100MEDIADJI_0006.JPG
Skogbrannen ved Verdens ende veks, ifølge augevitne. Det er store flammar på staden. Foto: Finn Isaksen.

Skogbrann i Sauda: – Store flammar på staden

Like før klokka 15 kom det melding om gras- og lyngbrann ved Statnetts anlegg på Austarheim.

Klokka 14.58 melde brannvesenet i Sauda om gras- og lyngbrann ved Verdens ende på Austarheim.

Augevitne Ryfylke har vore i kontakt med opplyser at det brenn i skogen bak koplingsanlegget til Statnett inne ved Verdens Ende. Ryfylkes journalist Frank Waal var på staden klokka 15.10. Han melder at det er store flammar på staden, og skogbrannen veks i omfang.

Brannvesenet har rykka ut. Det har også minst éin grunneigar gjort med gjødselvogn. Det er kraftig vind i Sauda i dag. Det gjer sløkkearbeidet ekstra utfordrande.

– Eit helikopter er i gang med sløkking av brannen frå lufta. Sivilforsvaret er også kalla ut. Det er mykje røyk og vanskeleg å sjå noko, men brannen trekk innover og bakover, vekk frå området der eg står, nær Statnetts anlegg, seier Waal.

I si twittermelding om brannen melder operasjonssentralen til Sør-Vest politidistrikt om at det ikkje skal vere fare for spreiing til bustadsområde.

Det er mykje vind på staden. Det vil gjere sløkkearbeidet meir utfordrande. Foto: Frank Waal.

Ryfylke kjem tilbake med meir.