Asle Rafdal (Ap), Dagfinn Birkeland (H) og ordførar Asbjørn Birkeland (Sp) var alle engasjerte i debatten om ny kommuneplan for Sauda. Foto: Ingvil Bakka.
Asle Rafdal (Ap), Dagfinn Birkeland (H) og ordførar Asbjørn Birkeland (Sp) var alle engasjerte i debatten om ny kommuneplan for Sauda. Foto: Ingvil Bakka.

Politikarane sender kommuneplanen i retur

Eit einstemmig formannskap bad administrasjonen arbeida meir med planen dei neste månadene, og kom med fleire krav om endringar.

– Eg skal ikkje krisemaksimera dette, sjølv om planen var uferdig då me fekk den. Då er det vårt ansvar å redigera innhaldet. Eg tenker litt slik at det nokre gonger er bra at me får litt sånne ”WHAT?”-opplevelsar. Det gjer oss vakne, sa Kristeleg Folkepartis Kristian Landro, då formannskapet diskuterte forslag til kommuneplan 2018-2030, i dag, onsdag.

Forslaget hadde i forkant av det politiske møtet møtt sterk motbør, blant anna av grunneigar Ola Djuv og skisenterleiar Lars Reidar Fosstveit.

Les meir om kva politikarane sa i debatten i avisa på fredag.