Fekk hjelp opp av jettegrytene

Politi, ambulanse og brannvesen blei tysdag ettermiddag varsla om at ein person ikkje kom seg opp frå jettegrytene innerst i Åbødalen. Det viste seg at ei 17 år gamal jente ikkje klarte å kome seg opp frå elva. Ho hadde med seg turfølge som heller ikkje klarte å få henne opp.

Men før utrykningspersonell rakk å kome fram, hadde andre i området klart å hjelpe jenta opp.

Ingen skadde og ingen dramatikk, opplyser operasjonssentralen til politiet.