Skogbrann i området nær Tengesdal i Suldal kommune. Foto: Bente Sofie Løland
Skogbrann i området nær Tengesdal i Suldal kommune. Foto: Bente Sofie Løland

Skogbrannen ved Hylsfjorden ikkje alvorleg

Lynnedslag utløyste skogbrann nær Tengesdal.

Lynet har slått ned tysdag ettermiddag og starta ein skogbrann i området ved Tengesdal nær Hylsfjorden i Suldal kommune.

Brannvesenet i Sauda er kalla ut, som er det næraste brannvesenet. Det same er brannvesenet i Suldal, som må kjøre via Sandsfjordbrua og gjennom Sauda først.

– Det brenn såpass at me har rekvirert brannhelikopter. Brannen er i ulendt terreng nær Tengesdal, opplyser brannvakta ved 110-sentralen i Haugesund.

Brannvakta kunne klokka 17.40 ikkje opplyse kor omfattande brannen var.

Brannen er oppe i fjellet og langt frå bygningar.

Dårleg flyvær hindra bruk av helikopter. Ulendt terreng hindra brannmannskapet å ta seg fram. Men ved hjelp av drone fekk brannvesenet i løpet av kvelden stadfesta at brannen ikkje er alvorleg.

Brannen har i ettertid blitt sløkt då det blei flyvêr for helikopteret.