Blir det ny temperaturrekord for Sauda i dag? Illustrasjon: «Vêrvarsel frå Yr levert av Meteorologisk institutt og NRK»
Blir det ny temperaturrekord for Sauda i dag? Illustrasjon: «Vêrvarsel frå Yr levert av Meteorologisk institutt og NRK»

Ryk julirekorden i dag?

Meteorologane spår fredag 27. juli som årets varmaste dag.

Onsdag 23. juli 2014 viste den offisielle temperaturmålinga for Sauda 32,1 varmegrader, den høgaste temperaturen målt i Rogaland nokon julidag.Alt tyder på at den rekorden ryk i dag, fredag 27. juli 2018. I følge yr.no, kan ein nemleg venta temperaturar opp mot 34 grader fleire stader i landet utpå ettermiddagen.
Dermed vil sannsynlegvis også den absolutte rogalandsrekorden på 33,5 grader, målt 10. august 1975 på Sola, måtta bita i graset.

Sauda innehar elles både juni- og julirekordane i Rogaland med 32,7 og 32,1 grader, medan Sigmundstad på Fister knabba mairekorden så seint som i år, då deira 31,5 grader på månadens nest siste dag slo Sauda sine 31,3 grader.

Sannsynlegvis ikkje over 35,6
Sjølv om det ligg an til å bli skikkeleg varmt, anslår statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes på yr.no at det er mindre enn 50 prosent sjanse for ny nasjonal temperaturrekord. Den blei for ordens skuld sett 20. juni 1970, då Nesbyen i Hallingdal fekk oppleva korleis 35,6 grader varmt kjennest ut.

Moxnes legg til at det er vanskeleg å seia eksakt kor i landet det blir varmast, då det er veldig mange varme luftmassar i Sør-Norge i dag og både skyer og vind kan påverka kor høgt termometeret kjem i løpet av dagen.