Ein siger og ein uavgjort for Sauda IL sitt G16-lag i Norway Cup.

Sauda IL sitt G16-lag som i dag speler om avansement til A-sluttspelet i Norway Cup: Bak frå venstre står Tobias Michalsen Steen, Johannes Landa, Ivan Hebnes og Sondre Buer. Midtre rekke frå venstre: Stig Buer (trenar), Adnan Abdi, Tollef Grindheim, Erik Breivik, Watthana Arsakpakdee, Henrik Sumstad, Even Rafdal og Thomas Breivik (trenar). Framme frå venstre: Idar Nesbø Øvrebø, Sivert Fiveland, Supharoek Løvik, Albert Løland, Rasmus Løland, Syvert Løland Hølland, Henrik Haga og Steinar K. Løland (trenar). Foto: Harald Halvorsen Løland.

Kjempar om A-sluttspel

Ein siger og ein uavgjort for Sauda IL sitt G16-lag i Norway Cup.

av Knut Atle Seim

Sauda sitt 16-årslag speler i dag sin tredje og siste kamp i gruppespelet i Norway Cup. Før avspark, som går klokka 11.40, ligg saudagutane på andreplass i si pulje og har gode sjansar til å nå a-sluttspelet.

Starta med uavgjort
Årets Norway Cup blei sparka i gang søndag, og for Sauda var Brattvåg IL fra Haram i Møre og Romsdal første motstandar.
– Me speler ein god kamp, men får eit litt billeg mål imot om lag midtvegs i første omgang, fortel trenar Steinar K. Løland.

– Me skaper gode sjansar heile kampen igjennom, men slit litt med uttellinga. Heldigvis klarer me å få inn ei utlikning ved Watthana Arsapakdee fem minutt før slutt, slik at me får med oss eit viktig poeng. Men me hadde fortent meir, meiner Løland.

– Når utlikninga kjem så seint, blir det likevel som å vinna eitt poeng, meir enn å tapa to, slår trenaren fast.

Viktig siger
Måndag formiddag var Hegra IL frå Nord-Trøndelag motstandar. Det skulle visa seg at saudagutane var eit betre lag, men kampen blei meir spennande enn nødvendig.

– Me køyrde eigentleg over dei frå start og gjekk opp til 2-0 etter mål av Watthana og Sondre Buer. Me skaper mange sjansar, men klarer ikkje å punktera kampen skikkeleg. Så får Hegra ei tidleg redusering i starten av andre omgang, noko som gir dei ein boost. Me er eit betre lag og føler me har kontroll, men så endar det heile litt nervepirrande med nokre skumle hjørnespark til dei i slutten av omgangen, fortel Løland.

Sauda haler imidlertid sigeren i land og er klare for gruppefinale.

Tøff motstand i vente
Dagens kamp går mot Sund SK frå Sotra i Hordaland. Hordalendingane toppar pulja etter to kampar med to sigrar og 9-0 i målforskjell, og er alt klare for a-sluttspelet. Medan Sauda spelte uavgjort mot Brattvåg, vann Sund 5-0 mot det same laget. Det kan med andre ord sjå ut som om det ventar tøff motstand på motsett banehalvdel i dag. Men, fotball er som kjent ikkje matematikk.
– Rapportane me har fått seier at Sund speler godt. Men me speler godt me òg, og har trua på poeng og A-sluttspel til det motsette er bevist. Med den starten me har fått er målet no absolutt ein plass i A-sluttspelet, avrundar Steinar K. Løland, trenar for G-16-laget.

Stor turnering
Norway Cup er rekna som verdas største fotballturnering for barn og unge. Fotballfesten såg dagens lys i 1972, den gongen med 420 lag og 8 400 deltakarar. Dette året er det påmeldt 1 900 lag med til saman 30 000 spelarar.