Ved årsskiftet fekk kommunane overført ansvaret for borgarlege vigsler frå domstolane. I Sauda delegerte kommunestyret oppgåva til ordførar og varaordførar.
– Det har ikkje vore så voldsomt stor pågang. Eg har vigd totalt fem par, opplyser ordførar Asbjørn Birkeland, og legg til at det er planlagt ytterlegare tre-fire vigslar i haust.
Alle dei fem gjennomførte vigslene har skjedd innanfor dei fastsette rammene, det vil seia i rådhuset og på fastsette dagar.
– Korleis tenker du om denne oppgåva?
– Personleg synest eg det er litt rart; eg er folkevald og «tatt inn frå gata», og har ikkje erfaring med slikt. Men me har fått oppgåva, løyser den så godt me kan og prøver å gjera det verdig og høgtideleg.
Ordføraren fortel at kommunestyret skal evaluera ordninga etter ei tid, og at han ikkje er framand for eventuelt å delegera oppgåve til andre, slik regelverket gir høve til.