Vegvesenet held fast på fartsgrense

Det var i sommar ein privatperson lufta si bekymring for fartsgrensa ved Allmannajuvet. Den er 80 kilometer i timen, og ein spurde om ikkje fartsgrensa burde settast ned som ei følge av turismen, mange kryssingar av vegen av mjuke trafikantar og den generelle trafikken som er ved turistattraksjonen.

Seksjonsleiar Ivar Thorkildsen opplyste i sommar at Statens vegvesen ville sjå på saka. Det har dei nå gjort. Vegvesenet konkluderer at fartsgrensa på 80 kilometer i timen held fram. I sitt svar til privatpersonen viser han mellom anna til paragraf seks i Vegtrafikkloven.

Den seier at «førar av køyretøy skal avpasse farta etter stad, føre-, sikt- og trafikkforholda slik at det ikkje kan oppstå fare eller valdast ulempe for andre, og slik at annan trafikk blir minst mogleg hindra eller forstyrra. Føraren skal alltid ha fullt herredømme over køyretøyet.».

Vidare skriv Thorkildsen på vegner av Vegvesenet følgande:

– Eg har vore i kontakt med ansvarleg for nasjonale turistvegar og fått beskjed om at det jobbast med å få på plass meir skilting på staden. Slik vil det bli openbart for dei vegfarande at dei køyrer gjennom ein kort strekning der dei kan forvente aktivitet langs vegen.