Vinnarlaget Salto, med Severin Årthun (fremst), Stian Jårvik og Oskar Fattnes, var feilfrie i quizen og trefte på minuttet på idealtida. Slik blir det siger av. Foto: Frank Waal.
Vinnarlaget Salto, med Severin Årthun (fremst), Stian Jårvik og Oskar Fattnes, var feilfrie i quizen og trefte på minuttet på idealtida. Slik blir det siger av. Foto: Frank Waal.

Tett og jamt i bilrebusen

Men ingen av dei 27 andre laga kunne hamle opp med Salto, som var heilt feilfrie.

Bilrebusen under årets Jøye meg-arrangement gav flesteparten av deltakarane ny lokalkunnskap om Sauda. For kor er eigentleg Murvegen? Det var det store spørsmålet, då laga tidvis hopa seg opp ved posten på Fløgstad skule. Derfrå skulle turen gå vidare til Murvegen, ein liten sideveg frå gata Hauen på Fløgstad. Det var ikkje bare enkelt.

– I alle dei åra eg var taxisjåfør, så var eg aldri i Murvegen! Eg hadde aldri høyrt om vegen før nå, kunne mellom anna Tommy Listøl konstatere, lagkaptein for eitt av laga.

Heldigvis var det god hjelp å få frå venner som blei ringt til og Google, slik at alle laga etter kvart kom seg vidare og suste gjennom resten av bilrebusen.

Perfekt gjennomført
Best av dei 28 deltakarlaga var laget Salto, som bestod av trioen Oskar Fattnes, Severin Årthun og Stian Jårvik. Dei fullførte bilrebusen på 1 time og 26 minutt. Dermed var dei det einaste laget som trefte perfekt på idealtida. Med ti av ti riktige på quiz-oppgåvene undervegs, var det ingen tvil om at trioen var best i årets utgåve av bilrebusløpet.

– Det gjekk veldig greitt. Me tok ein del av oppgåvene raskt, og så trong me Google og å ringe kjente på nokre av dei andre, fortalde trioen frå scenen laurdag ettermiddag, då dei i sentrum mottok publikum sin hyllest og førstepremien.

16 lag på 14 minutt
Det raskaste laget til å fullføre rebusløpet brukte ein snau time, medan laget som brukte lengst tid var i mål etter 1 time og 51 minutt. Dei fleste laga kom til mål på Austarheim på ei tid mellom 1 time og 10 minutt og 1 time og 40 minutt. Med ei idealtid på 1 time og 26 minutt, gjorde det konkurransen svært jamn. Mellom dei 16 beste laga skilde det bare 14 minutt, sjølv med eitt minutt i tidsstraff for kvart feil svar i quizen.

Premiane i bilrebusløpet var betydelege. Til saman var det premiar for godt og vel 20 000 kroner i bilrebusløpet, som det lokale næringslivet i Sauda stod bak.

Vinnartrioen fekk naturlegvis den største delen av kaka, eit gåvekort verdt 10 000 kroner.

Topp 15 i bilrebusløpet

1          Salto (Stian Jårvik)                             1.26.00 (0)

2          Portal Norge (Svein Ilstad)                +2.00 (0)

3          Nonstop (Elisabeth Åsheim)              -5.00 (1)

4          Guro & de andre (Guro Sandal)        -6.00 (2)

5          Magnus Dolmen & co                        -6.00 (1)

6          The Littlewoods (Lilleskog)                +8.00 (2)

7          Gerd Olaug Garstad                           -9.00 (1)

8          Finn Isaksen                                       +10.00 (2)

8          Team Turbo (Susanne Thorgersen)   -10.00 (2)

8          Tommy Listøl                                     -10.00 (2)

11        Maldølingane (Karina Fiveland)        -10.00 (1)

12        Ingrid Hagesæther                             +10.00 (0)

13        Åge Malvin Heskja                             +12.00 (5)

13        Sliders (Katrine Wiik)                         -12.00 (5)

15        Liv Rike Birkeland                               +14.00 (3)

15        Putten & de (Remy Bergsbakk)         +14.00 (3)

(Antal minutt i tidsstraff frå quizen står i parentes)

28 lag deltok.