Portrett Leiv Arild Berg

Inntar Folkets Hus igjen

Leiv Arild Berg var kultursjef i eit kvart århundre og var tett på Folkets Hus. Han kan knapt vente på Folkets Hus – Folkets Fest.

Han er nærmast ein eigen bastion innan kulturlivet i Sauda, med sitt vedvarande, brennande engasjement. Det er eit engasjement som ikkje kjem til å sløkke med det første, og eit engasjement som alltid har vore der sidan han flytta heim att til Sauda. Det har sete sitt preg på bygda gjennom tidlegare jobbar han har hatt, men òg frå det store frivillige arbeidet han har lagt ned i kulturlivet.

Leiv Arild Berg er ein mann alle i Sauda veit kven er. Sånn er det bare, på godt og vondt. Mest godt skulle ein tru, for 71-åringen er ein mann ein ofte høyrer veldig mykje godt om blant andre. Leiv Arild er ein som har engasjert og engasjerer seg i stort og smått, han stiller opp, og han går inn med hud og hår i det han har føre seg.

Folkets Hus er igjen på programmet til Leiv Arild. Nå i kraft av Sauda revy- og teaterlag sine nummer i Folkets Hus – Folkets Fest som opnar kulturhuset seinare denne månaden, samt som leiar for den frivillige vertskapsgruppa til Folkets Hus. I gruppa er personar med mykje kunnskap om både Folkets Hus og alle historiane som gøymer seg innanfor dei verneverdige veggane.

Også tidlegare har kulturstorstova vore på maten for Leiv Arild. Nærmast på slump søkte og fekk han jobben som kultursjef i 1987. Med unntak av eit lærarår ved Sauda vidaregåande skule, var han kultursjef fram til han i 2012 gjekk av med pensjon. Kombinert med hans rolle som i Sauda revy- og teaterlag, som både tekstskrivar og skodespelar, er det vanskeleg å gjere eit kvalifisert gjett på kor mange timar, dagar, veker og månader som til saman har gått med i Folkets Hus for Leiv Arild.

Med Storesalen i andre etasje som det naturlege rommet for konsertar og anna, er særleg dei tallause turane i trappene opp og ned noko som ikkje forsvinn frå minnet med det første.

– Sjå her! Det er bra at dei ikkje har renovert trappa her, at slitemerka viser. For me har jammen gått mange turar med mykje tung last, seier han og ler godt på veg opp til Storesalen, kor alt av lakk, beis og anna er slite av treverket på flata like før dei siste trappetrinna opp til andre etasje. Det er heilt tydeleg at det var staden for ein sårt tiltrengt pause for mange då ein sjaua for artistar og andre profilar som besøkte Folkets Hus og Sauda.

– Det var eigentleg galskap, det var jo det. Eg hugsar då Åge Aleksandersen var her. Me hadde jo ingen heis slik dei får nå, alt måtte berast. Han hadde med seg 90 kolli. Me bar for livet, men det gjekk. Eg hadde hyra ein gjeng med ungdommar til å hjelpe. Dei fekk gratisbillettar til konserten som takk for hjelpa. Det var nok ikkje ei heilt passande betaling, eg såg dei iallfall aldri igjen, humrar han, før han legg ut om nokre austlendingar som gjerne kunne legge turen til Sauda. Iallfall i utgangspunktet:

– Det var eit band frå Oslo, Briskeby, som hadde turné, og dei sa at dei gjerne kom innom Sauda og hadde lyst til å spele i Folkets Hus. Alt var eigentleg klart, men så nemnde eg til slutt at det var ein liten ting, at scenen er i andre etasje og me ikkje har heis. Då sa dei bare «gløym det». Det var ikkje aktuelt, seier Berg og serverer ei ny smittande latterkule.

Å få til eit skikkeleg kulturhus i Sauda har vore tema omtrent frå då Leiv Arild blei kultursjef og før det også. Folkets Hus var fagforeininga sin eigendom og arbeidarane sitt hus før kommunen overtok drifta i 1992, då med kultursjef Leiv Arild som fungerande vaktmeister.

På 80-talet var planane store for å reise eit kulturhus ved Andedammen. På 90-talet blei dei planane skrota og nye kom til. I 1997 blei det å bygge på Folkets Hus lansert som løysinga å gå for, utan at det blei gjort heilhjarta. I 2006 kom dei storstilte planane om Kulturverket kloss på Saudahallen. Der skulle ein slå på stortromma og gi kulturlivet i Sauda ein unik tumleplass. I 2009 gav lokalpolitikarane sitt endelege nei til Kulturverket. Dei økonomiske byrdene storprosjektet gav blei altfor tunge å bere.

Dermed er me framme ved i dag, etter at det i 2015 var anbod og arkitektkonkurranse om korleis det nye Folkets Hus skulle sjå ut.

– Eg er glad for at det har komme der det er i dag. Det har vore veldig mykje fram og tilbake opp gjennom åra. Dette blir veldig bra for Sauda, og prisen på prosjektet er også veldig fin. Eg trur bygget og Storesalen har ein fin storleik for Sauda. Eg trur det er stort nok for oss, seier Leiv Arild og trekk pusten:

– Nå gler eg meg til opning. Det gler eg meg skikkeleg til. Kulturskulen er alt på plass, det er fantastisk. Dei har jo vore spreidd på skular og rundt forbi i Sauda. Det eg eigentleg er mest spent på er kva det vil koste for sånne som Sauda revy- og teaterlag og andre mindre lokale aktørar å leige Storesalen. Det er begrensa kva slike lag og foreiningar kan betale for husleige, lyd, lys og slik. Det blir spanande, men eg er sikker på at det løyser seg, for det verkar som at alle vil få til dette og er positive. Det er kjekt.

– Korleis trur du det blir med Folkets Hus framover?
– Det blir utruleg spanande. Eg håper verkeleg at folk kjenner si besøkelsestid. Men det blir spanande, for folk er ikkje vane med å betale for ting i Sauda… Det rare er jo at ein reiser til Stavanger for å sjå ein halvdårleg revy i staden for å gå på konsertar og revyar i Sauda. Det er krevjande for Astrid (Espeland, kulturhussjef) og dei som jobbar med å booke opplevingar. Du har ikkje råd til å bomme veldig mange gonger på dei større namna, då blir det tungt økonomisk. Ein er heilt avhengig av å treffe, og at folk bruker tilboda som blir sett opp.

– Trur du saudabuar kjem til å vere flinke og bruke tilboda som blir sett opp?

– Ja, eg trur det går bra. Det må sjølvsagt gå seg til, og Astrid og gjengen må kanskje justere nivået etter kvart. Det kjem dei til å lære av undervegs, så dette skal gå bra. Det må jo gå bra, synsar Leiv Arild, før han fortel om korleis det økonomiske presset ved store namn og førestillingar var eit press også for han då han styrte butikken som kultursjef:

– Då me hadde Vamp her, så våga eg ikkje å tilby dei det dei vanlegvis skulle ha for å spele på plassar som Sauda. Det blei for risikabelt. Då spelte dei heller for døra, altså for inngangspengane til publikum, og det var heldigvis heilt greitt for dei.

Sjølv om Leiv Arild gler seg til å ta det nye, men òg gamle kulturhuset i bruk, er det ikkje til å komme frå at det er nokon som manglar når han, Sauda revy- og teaterlag og andre kulturkrefter i Sauda skal fullføre prosjekt i Folkets Hus.

I mars i fjor gjekk Arthur Svendsbråten bort. Leiv Arild sin kamerat, beste venn og trufaste makker i stort og smått.

Saman var dei Butch Cassidy og Sundance Kid. Slik dei amerikanske røvarane var gutta krutt i filmen frå 1969, var Arthur og Leiv Arild ein uatskilleleg duo. Dei var som erteris heilt frå studieåra i Bergen, etter at dei hadde tatt gymnaset i Sauda.

– Det var ein smell då Arthur fòr. Det var eigentleg… Me var skikkeleg gode venner. Var det noko, så stilte me opp for kvarandre, uansett kva det var. Eg begynte i revyen i 1982, og me begynte å skrive saman, eg var den første som trente eit damelag i Sauda på 1980-talet, og han blei med. Me var russ saman, me spelte bedriftsfotball saman i Bergen, me fekk kulturprisen saman i 1991, og me var jo forlovarar for kvarandre. Me var aldri ueinige. Eller, me var vel ueinige om ein ting og to, men me blei aldri uvenner.

– Korleis kom de opp med kallenamna Butch Cassidy og Sundance Kid?

– Det var frå då me studerte i Bergen. Du veit, me var to vanlege, lovlause saudabuar i Bergen, og begge hadde sett filmen 45 gonger kvar, så den snakka me mykje om. Me kunne jo replikkane på rams, så då tok me dei namna for show, seier Leiv Arild og ler.

Det var oftast hos Leiv Arild dei møttest for å klekke ut neste tekst og neste nummer til Sauda revy- og teaterlag, som Oskar Waage-Pettersen ofte akkompagnerte. Gjerne ute på terrassen til Leiv Arild i Hagevegen, kor ein har fullstendig oversikt over alt som måtte røre seg i store delar av gata, samtidig som det er orkesterplass og oversikt over fabrikken og båtane som legg til kai ved den.

Denne morgonen er det ikkje notat og replikkar som ligg føre han, men heller ei sudokubok. Sudoku og kryssord må løysast skal han få fred. Sånn er det bare.

– Eg er heilt sudokufrelst! Eg får ei sånn månadsbok med 500 sudokuoppgåver i. Den skal nok eigentleg halde for éin månad, men eg er jo ferdig lenge før med det eg klarer. Så då må eg gå og vente, det er ikkje bra, ler han.

Sudokuen fungerer som ein midlertidig lynavleiar, for Leiv Arild er raskt tilbake til kameraten Arthur. Den beste kameraten.

– Me møttest helst her hos meg. Og han var ivrig heilt til sist. Me sat her i januar i fjor. Då nærma det seg jo stortingsval, og han hadde mange idéar og planar med tanke på Sylvi Listhaug. Du kan seie at han var veldig raud, og det er eg òg, så du kan jo tenke deg korleis poenga ville vore vinkla, smiler Leiv Arild.

Det har gått 33 år sidan dei starta å skrive saman i Sauda revy- og teaterlag. Leiv Arild har innfunne seg med at det kjem til å ta slutt ein dag, også for han.

– Me er heldige, veit du. Oskar set musikk til det me skriv, og Nils Kristen (Herheim) komponerer litt sjølv. Eg hugsar godt ei førestilling kor me hadde ein tekst med gammal musikk. Det var ikkje aktuelt for Bjørn (Sæther), regissøren, at me kunne ha teksten med ein kjent melodi. Me måtte ha eigen melodi. Me andre gjekk til lunsj, og då me kom tilbake etter ein time, hadde Oskar komponert ein ny, flott melodi. Det er jo fantastisk.

– Korleis skal det gå vidare med Sauda revy- og teaterlag med tanke på tekstskriving når du er ferdig?

– Det var som Nils Kristen sa. Me må få inn yngre krefter, me sit jo i rullestol heile gjengen snart. Me tenker ikkje på det sjølv, for me har det jo så kjekt. Men det er viktig å dra med ungdommen, òg i det me lagar. Kva er morosamt for dei? Kva er i tida? Nå har me ei skrivegruppe, og eg er sikker på at nokon kjem til å halde fram etter meg. Det fortener revyen.

Sjølv har Leiv Arild vore gjennom nedturar òg. Den eine kom då Arthur gjekk bort, men også hans eigen kropp har fått seg ein trøkk og to. I 2006 fekk han påvist utmattingssyndrom, han bytta begge hoftene i 2014 og 2015, han hadde eit lite drypp for tre-fire år sidan, fekk påvist og fiksa grå stær på det eine auget i same sleng. I fjor fekk han påvist prostatakreft som også tæra på skjelettet. Dermed var cellegift utvegen.

– Eg tenkte det bare var gamlemannssjukdom, men så viste det seg at det var kreft. Eg blir aldri heilt frisk av det, men dei målar og kontrollerer spreiinga kvar tredje månad og har god kontroll. Det var mykje biverknader frå cellegifta. Eg fekk skikkeleg problem med balansen og alt mogleg. Det var mykje rart. Nå tar eg bare ei hormonsprøyte i Haugesund, og det er mykje betre.

– Er kreften noko som plagar deg?

– Nei. Det er kanskje lett å seie, men eg meiner det. Då eg var i Bergen på grunn av cellegifta, så trefte eg mange unge menneske som hadde veldig vonde og alvorlege sjukdommar. Då tenker eg «herregud, eg har iallfall levd eit liv». Det er eg takksam for. Det var skikkeleg vondt å sjå dei.

Grundigare enn det treng ikkje Leiv Arild filosofere over livet. Knapt med tid til det har han også, med sine engasjement i Sauda revy- og teaterlag, omsorgsgruppa i Sauda Røde Kors (tidlegare del av Lions), gruvevandring og førestillingar i Allmannajuvet, ei hytte i Skipavåg og mykje anna. Og sjølvsagt har han kona Berit og familien.

– Alt er ein glede! Eg skjønner ikkje folk som bare går rundt og tenker negativt. Det var ein som uffa seg over alt han skulle ha gjort før han reiste på ferie. Då svarte han andre at han heller tenkte positivt på alt han hadde fått gjort. Der trur eg det ligg mykje lurt. Iallfall for meg, seier Leiv Arild og smiler.

Portrettet

Namn: Leiv Arild Berg.

Alder: 71 år.

Yrke: Pensjonist.

Best på tv: Fotball eller handball. Sport!

Ungdomsidol: Elvis. Det var fleire, men Elvis var størst av alle.

Favorittpolitikar: Eg likte godt Hanna Kvanmo i SV. Ho var folkeleg og fin. Thorvald Stoltenberg syntest eg også var fin. I dag har eg heller dei eg ikkje liker…

Fjord eller fjell: Det er fjord, desidert.

Livsmotto: Det må gå på noko med humør… Kvifor la seg knekke når ein ikkje er nøtt?

To ting du ikkje klarer deg utan: Sudoku og blide folk.

Kva lag/foreining vil du gi 100 000 kroner til: Eg ville gitt dei lokalt, til Sauda Røde Kors. Dei gjer utruleg mykje nyttig arbeid, særleg for eldre, til dømes med besøkshunden. Det betyr enormt mykje.