Sju av dei 17 hyttetomtene i Haugane III er alt selde eller reserverte. Kjøparinteressa er på veg opp, meiner grunneigar Ola Djuv.

Ola og Øyvind Djuv står bak dei tre Haugane-felta i Svandal, der det nå er godt over 100 hyttetomter. Haugane I og II er meir eller mindre ferdig utbygt, Haugane III er heilt i startgropa. Far og son-duoen jobbar også med planar om eit nytt felt med 300-500 nye hyttetomter. Foto: Ingvil Bakka.

Nytt hyttefelt veks fram i Svandal

Sju av dei 17 hyttetomtene i Haugane III er alt selde eller reserverte. Kjøparinteressa er på veg opp, meiner grunneigar Ola Djuv.

av Ingvil Bakka

– Me la tomtene ut for sal i mars/april i år. Inntrykket mitt er at det er større interesse i marknaden nå. Spesielt det siste året har interessa for hyttetomter auka, seier Ola Djuv, grunneigar i hyttefeltet Haugane III.

Godt i gang
Han og familien står bak hyttefelta Haugane I og Haugane II, som dei begynte å etablera i 2004. Det er Øyvind Djuv som formelt er utbyggar gjennom firmaet Haugane Hytter as, der han er både dagleg leiar, styreleiar og største aksjonær. Sonen Ola er grunneigar i området der ein nå etablerer Haugane III. Reguleringsplanen for dette tredje hyttefeltet blei endeleg godkjent av kommunestyret i april i fjor.

Tidlegare i år blei grunnarbeidet i det nye hyttefeltområdet starta opp.

– Me er snart ferdige med vegnettet, og har litt arbeid igjen når det kjem til vatn, kloakk og straum. Det er starta bygging på éi av dei sju tomtene som alt er selt, opplyser Ola Djuv.

Haugane III ligg like i nærleiken av Haugane I og II, og dermed er det korte avstandar til alt opparbeidd infrastruktur i området.

Haugalandet kjem
Haugane I og Haugane II har til saman 87 tomter. Alle tomtene i desse to første felta er bygsla, men ikkje alle tomtebygslarane har bygt hytte ennå. Det nye Haugane III-feltet har 17 sjølveigartomter. Ola Djuv, som har god oversikt i dette utbyggingsarbeidet, seier at dei sju tomtekjøparane er frå både stavanger- og haugalandområdet.

– Før var det stor overvekt av folk frå sørfylket, nå ser me at Haugalandet har fått augene meir opp for Sauda, seier han.

Ingen stilkrav
Tomteprisane i det nye feltet ligg på rundt 650 000 kroner. Tomtene, som altså er sjølveigartomter, varierer i storleik, frå 600 kvadratmeter til drygt 900 kvadratmeter.

Enkelte andre hyttefelt i Svandal-området har sett krav til byggestil. Djuv fortel at slike krav er ikkje sett i Haugane-felta.

– Me fortset med same filosofi som før; hos oss kan folk bygga korleis og kva dei vil. Tida med avgrensing av kor store hytter ein kan bygga er heldigvis forbi. Eg prøver sjølvsagt å reklamera litt ekstra for lokale firma når tomteeigarane skal velga entreprenørar, seier Ola Djuv.

Optimistar for framtida
I dag er det ti ledige tomter i Haugane III. Djuv-familien hadde som mål å selga seks tomter i året dei to første åra. Alt nå ser det ut for at salet blir betre enn venta. Hytteboomen på midten av 2000-talet fekk ein knekk etter finanskrisa og oljekrisa, men interessa i marknaden er, ifølge Ola Djuv, på god veg oppover.

– Marknaden har aldri vore heilt død. Me har selt tomter heile vegen, men nå merkar me betydeleg større interesse, både for bygsla tomter og for sjølveigartomter, seier han.

I Haugane I og Haugane II betaler tomtebygslarane ein årleg leigesum til det familieeigde aksjeselskapet Haugane Hytter as.

Har fleire ting på gang
Djuv-familien ser seg på ingen måte ferdige som hyttefelt-utbyggarar etter Haugane III. Nå håper dei å få godkjent reguleringsarbeidet for eit nytt, 650 dekar-stort felt på høgresida av skisenteret og bakken oppover. Der ser dei føre seg eit felt med heile 300-500 hyttetomter.

Då administrasjonen sitt forslag til ny kommuneplan for 2018-2030 blei lagt fram for politikarane, var det lagt inn ei innskrenking i området, slik at Djuv-familien bare låg an til å få bygga hyttefelt på 230 dekar. Kommuneplan-forslaget møtte mykje motbør, blant anna frå grunneigarar i Svandal og politikarar, og administrasjonen fekk planforslaget tilbake for grundigare bearbeiding.

– Me håpar og trur at me får ein plan me og Sauda kan leva med, seier Ola Djuv.

Dette mulege framtidige hyttefeltet er såpass stort og omfattande, at han ikkje vil spekulera i ein eventuelt oppstartsdato.

– År går fort. Eg trur me skal vera godt i gang innan det er gått ti år frå nå, seier han.

Ifølge kommuneplanleggar Ingvild Hovind skal kommuneplanen til politisk behandling i oktober. Først i formannskapet 3. oktober, så i kommunestyret 24. oktober.