Vil ha fartsdumpar i Kongsveien

Ein bebuar i Kongsveien sende i førre veke eit brev til Sauda kommune kor han ber kommunen vurderer å lage fartsdumpar i Kongsveien i Åbøbyen. Kongsveien er ein kommunal veg.

Ifølge bebuaren køyrer majoriteten av trafikantane i meir enn 30 kilometer i timen, som er fartsgrensa, i Kongsveien.

– Den vanlegaste hastigheita for bilar er nok dessverre mellom 40 kilometer i timen og 60 kilometer i timen. Vegen har ikkje brukbare fortau, men det er mange skuleelevar som går i gata. Alle fotgjengarar går faktisk i gata grunna ubrukelege fortau, skriv bebuaren, før han held fram:

– Fløgstad skule er «skjerma» med fartsdumpar på begge sider i Åbødalsveien. Men Kongsveien, som munnar ut i Åbødalsveien mellom desse fartsdumpane, har ingen fartsdempande tiltak mot Fløgstad skule! Foreslår difor at kommunen lagar to fartsdumpar i Kongsveien, éin nær Åbødalsveien og éin litt før krysset ved Haakonsgaten.

Bebuaren håpar at forslaget hans blir vurdert før nedre del av Åbødalsveien blir asfaltert seinare i haust.