Oppsynsmann ved Saudahallen Stein Ove Løvik og Paul Kåre Handeland frå Sauda brannvesen hadde ein hektisk jobb med å få pumpa ut alt elvevatnet. Her frå herregarderoben, der vatnet stod fleire centimeter opp på veggen. Foto: Ingvil Bakka.

Vatnet inntok svømmehallen

Elvevatnet flauma inn slukane på få minutt. Vasslekkasjen gjer at Saudahallen må halda stengt i dag, onsdag.

Det var like etter at morgonbadetimen var over, rundt klokka 07.45, at dei tilsette ved Saudahallen begynte å ana uro. Det bobla nede i slukane, og då folk dusja tok ikkje slukane unna vatnet.

– Det skjedde så fotr, bare i løpet av få minutt. Det tar litt tid å få stenga av slukane og når det var gjort var det alt kome opp store mengder vatn, seier Stein Ove Løvik, oppsynsmann ved Saudahallen.

Vatnet stod då fleire centimeter opp på veggane i dusjanlegga og rann vidare inn i garderobane – og vidare ut i gangen. Brannvesenet, tilsette i teknisk eining og tilsette ved Saudahallen fekk ein stor jobb med å pumpa ut alt vatnet.

– Me må halda stengt i dag. Me må få ut vatnet, tørka opp og desinfisera, forklarer Løvik.