Sverre Gustav Birkeland tok slåttane på ein ny måte i år, etter at han leigde maskin frå Nedre Vats. Bildet er frå då dei var i sving tidleg i juni i år. Foto: Runar Mørk.
Sverre Gustav Birkeland tok slåttane på ein ny måte i år, etter at han leigde maskin frå Nedre Vats. Bildet er frå då dei var i sving tidleg i juni i år. Foto: Runar Mørk.

God sisteslått for bøndene

Det knusktørre sommarvêret som lenge dominerte Sauda gav hovudbry for bøndene. Ein fuktig siste halvdel gav likevel meir fôr enn først frykta.

I heile Norge har bønder denne sommaren vore uroa for at slåtten ville gi langt mindre fôr enn vanleg, som ei følge av den ekstreme tørkeperioden som strekte seg godt ut i juli.

Etter at regnet kom for fullt, kjennest det som at det knapt har tatt pause. Det var godt nytt for bøndene, også i Sauda.

– Me er ikkje heilt ferdige med den tredje slåtten, men nå er det vêret som stoppar det. Med ein gong me får eit vêrskifte og opphaldsvêr, så er me i gang igjen og tar det siste. Det ser ut for at me har klart oss nokolunde greitt. Det er ein del mindre fôr generelt, men tredjeslåtten har vore særs god på grunn av vêromslaget me fekk. Det som blei slått og hausta i september har vore bra. Generelt verkar det som at me i Sauda og i Ryfylke har klart oss betre enn mange andre, om ein ser ut i resten av Rogaland, seier Dagfinn Birkeland, leiar av Sauda Sau og Geit.

Henta inn mykje
Sverre Gustav Birkeland er bonde på Birkeland. Han har slått i to rundar i år, men på nokre område har det likevel blitt tre slåttar. Til saman slo han på rundt 150 mål i den siste slåtten.

– Eg har ennå ikkje summert antal tonn, men det ser ut til å vere på rundt 70-80 prosent av det som er vanleg. Eg fekk ut gjødsel tidleg og fekk regn på det før det blei tørt. Det gjorde at førsteslåtten var sånn nokonlunde. Det var det same med andreslåtten, og så tok eg igjen ein del med tredjeslåtten, forklarer birkelandsbonden.

Færre dyr
Sverre Gustav Birkeland gjorde unna slåtten med ein ny maskin i år, ein sjølvgåande finslipar, som han leigde inn.

– Det var vanvittig effektivt. Det me vanlegvis bruker tre dagar på, gjekk på éin dag, og maskinen kutta graset heilt ned til plengrasstorleik. Vanlegvis må du gjere det med ein annan maskin. Sjølvsagt var det ein ekstra kostnad å leige inn maskinen, men det gav betre utnytting av fôret og betre fôropptak for dyra, seier Sverre Gustav Birkeland.

Bonden på Birkeland har ein stor sauegard. I år ser han seg nøydd til å kutte i bestanden, mellom anna som ei følge av at han har fått slått opp mindre fôr.

– For min del har det lege litt i korta ei stund. Eg pleier vanlegvis å kjøpe litt fôr, så i år må eg enten kjøpe meir fôr, eller redusere antal dyr. For min del blir det då litt færre dyr, seier Birkeland.