Leigeprisar på dagsordenen

Komande måndag skal formannskapet ha eit ekstraordinært møte. På saklista står blant anna saka ”Leigeprisar Folkets Hus”. Rådmannen legg i saka fram sine forslag til leigeprisar for kulturhuset. I saksframlegget skriv rådmannen at dei mange frivillige kulturtilboda utgjer berebjelken i Sauda sitt kulturliv.

– I Sauda har kora Sonor og Trøkk rett på gratis øvingslokale, men fleire lag og foreiningar vil truleg kunna få det. Uansett er det rimeleg å behandla alle likt, skriv rådmannen.

Han påpeiker at kravet om inntening på Folkets Hus gjer at ein bør kreva husleige for salane ved inntektsgivande arrangement.

Rådmannen føreslår at ein gir kultureininga ved kulturhusleiar mulegheit til å inngå særavtalar med leigetakarar i dei tilfella det er behov for det.

I forslaget til leigeprisar er det lista opp prisar for leige av storesalen, nyesalen, møterom og personalkostnader knytt til lyd og lys. Det er også  inndelte og ulike prisar fordelt på ”interne lag og foreiningar ved inntektsgivande arrangement” og eksterne leigetakarar.