Søndag klarte ikkje magasina til Saudefaldene å fange opp meir vatn. Då fløymde elva over i Hellandsbygd. MMS-foto: Ivar Johannes Handeland.
Søndag klarte ikkje magasina til Saudefaldene å fange opp meir vatn. Då fløymde elva over i Hellandsbygd. MMS-foto: Ivar Johannes Handeland.

Flaumen stengde vegen til Hellandsbygd

Då Saudefaldene ikkje klarte å fange opp meir vatn i magasina, fløymde elva gjennom Hellandsbygd over. Dermed måtte fylkesvegen opp til Hellandsbygd stengast.

Det var varsla store nedbørsmengder i helga. Det kom ekstreme nedbørsmengder. Saudefaldene hadde i forkant tappa ned magasin og gjort seg klare for å fange opp vatnet. Søndag morgon gjekk magasina fulle. I løpet av søndagen flomma elva ut over jordene i Hellandsbygd. På oppsida av Lona gjekk elva over fylkesvegen, som blei stengt frå søndag ettermiddag til klokka 07 måndag morgon. Då hadde vassmengdene avtatt.

To kalvar blei ståande på ein oversvømt holme i Hellandsbygd, det som i utgangspunktet var tørr beitemark. Ingen kunne trasse elva og kome seg ut til dei. Tidleg måndag kunne eit helikopter fly dei inn på trygg grunn, etter at ein veterinær hadde bedøvd dei først.

– Heilt i overkant
Ifølge ordførar Asbjørn Birkeland berga Sauda godt under dei store nedbørsmengdane som kom i helga.

– Men dette er heilt i overkant av kva Storelva tåler. Dette gjeld ikkje bare i Hellandsbygd, men også ved Klekkeriet og på Tangen. I tillegg blei turstiar langs Storelva stengt, seier Birkeland.

Han har ingen synspunkt på om Saudefaldene burde slept ut meir vatn i forkant.

– Eg registrerer at det kom vesentleg meir nedbør enn kva som blei meld. Om Saudefaldene likevel burde tatt ut ein større buffer i forkant, har eg ikkje kunnskap om. Det er NVE som regulerer kva Saudefaldene skal gjere og og eg stolar på at NVE følger opp slike ting, seier Birkeland.

– Har blitt flinkare
Leiar av Hellandsbygd Bygdautval, Ivar Johannes Handeland, sit med eit inntrykk av at bygdesamfunnet berga godt under flommen.

– Eg har ikkje full oversikt, men mitt inntrykk er at det gjekk bra. Me måtte berge ein del siloballar i løpet av helga, seier Handeland.

Men han stiller likevel spørsmål om korleis Hellandsbygd kan flomme over når alle vassdraga rundt er regulerte.

– Då bør ikkje dette skje. Samtidig skal Saudefaldene ha ros for at dei har blitt flinkare til å sleppe opp vatn i forkant av store nedbørsmengdar, enn kva dei var før. Under flaumen for fire år sidan blei det gjort slett arbeid av Saudefaldene. Dei er meir på ballen nå, også når det gjeld informasjon i forkant, seier Handeland.

Han meiner likevel at flaumproblematikken i Hellandsbygd må bli diskusjonstema.

– Me må sette oss ned i fellesskap og diskutere kva som kan bli gjort for å unngå framtidig flaum i Hellandsbygda, seier bygdeutvalsleiaren.

Blant anna har det blitt stilt spørsmål om det er rett at kraftprodusentar, som tener pengar på å fylle opp magasina i stadenfor å la det renne ut i elva, er dei som skal avgjere kor mykje magasina skal tappast i forkant av store nedbørsmengder.

Fekk vatn i kjellaren
Ein av huseigarane som er mest flaumutsett i Hellandsbygd, opplyser til Ryfylke at han fekk vassinntrenging i kjellaren.

– Me er tre hus som ligg på same nivå, lågt i terrenget i Hellandsbygd. Vatnet stod 10 centimeter over kjellargolvet i mitt hus. Eg rakk å fjerne ting og fekk ikkje skader. Varmtvasstanken berga også. Det var nokre centimeter klaring frå vatnet og opp til tanken, seier huseigaren.

Han støttar kritikken til bygdeutvalsleiar Handeland.

– Vassdraga rundt Hellandsbygd er gjennomregulerte. Dette skal ikkje skje. Det er varsla meir ekstremvêr i framtida. Saudefaldene må ta meir høgde for nedbørsmengder i framtida gjennom å ha ein større buffer i magasina. Det hjelper lite å ha flotte ROS-analyser dersom dei ikkje blir omsetet i praksis.

Ifølge fleire av naboane til elva i Hellandsbygd var det svært nære at ikkje elva flomma ytterlegare over. Det ville i såfall ført til at ei rekke hus hadde fått vassinntrenging.

– Me la inn ein buffer
– Me la inn ein god buffer, men det kom tre gonger så mykje nedbør som varsla, opplyser Svein Ilstad i Saudefaldene.

Vassdraga i og rundt Hellandbygd er regulerte. Det betyr at kraftprodusenten Saudefaldene i forkant av store nedbørsmengder kan tappe ned magasin, som då vil fange opp kraftig nedbør, utan at det blir flaum.

– Heile veka før helga tappa me ned fleire magasin ganske intenst, for å forhindre at det blei flaum. Det var varsla 70-90 mm nedbør i helga. Blant anna var Slettedalsvatn tappa 2,5 meter fredag ettermiddag. Men når nedbøren kjem så intenst, er det vanskelig å unngå overløp. Sauda fekk 182 mm på 36 timar fram mot søndag morgon, og dette var mest i heile Norge. Med jamn fordeling av nedbør over helga kunne vi tatt imot det doble av det som var varsla, utan det ville blitt dramatikk. Det kom det tredoble og veldig intenst i dei 36 timane, opplyser Svein Ilstad i Saudefaldene.

Ifølge kraftprodusenten kom det 250 mm nedbør i helga.

– Det er heilt ekstremt og veldig overraskande, seier Ilstad.

Han meiner at dei i utgangspunktet la inn stor nok buffer, ut ifrå det som var varsla i forkant

– Me gjorde grundige vurderingar i forkant. Det må ha vore spesielle vêrfenomen som slo inn, sidan det kraftige regnet ikkje blei varsla, seier Ilstad.

Sjølv om det blei kraftig flaum i Storelva i løpet av søndagen, konstaterer Ilstad at det enda godt.

– Eg er ikkje gjort kjent med at det er gjort særlege skader. Me hadde mange folk ute søndag for å følge med, seier Ilstad.

– Me forstår godt frustrasjonen folk føler når vassmassane er så trugande. Nokre fekk vatn inn i kjellarar, og andre fekk problemer knytta til gardsbruket sitt. Slikt er både skremmande og frustrerande, seier Svein Ilstad.