FAU-leiar reagerer på at rådmannen foreslår å kutte skulebudsjettet med 1,6 millionar kroner. For eitt år sidan måtte skulesektoren tåle eit kutt på 3 millionar.

Skulane i Sauda må ta nye kutt dersom rådmannen sitt budsjettforslag blir vedtatt. Foto: Frank Waal.

Reagerer på nye skulekutt

FAU-leiar reagerer på at rådmannen foreslår å kutte skulebudsjettet med 1,6 millionar kroner. For eitt år sidan måtte skulesektoren tåle eit kutt på 3 millionar.

av Frank Waal

– Rådmannens forslag om å kutte ytterlegare i oppvekstbudsjettet har skapt store reaksjonar blant foreldre, opplyser FAU-leiar Jane Nordhagen Ilstad ved Sauda ungdomsskule.

I dag tysdag blir det halde eit møte i kommunalt FAU der rådmannens budsjettforslag blir diskutert.

– Eg bad om dette møtet for ei stund sidan då eg frykta at rådmannen kunne komme med forslag om nye kutt innan skulesektoren. Eg ønska derfor at dette møtet blei gjennomført rett etter at rådmannen hadde lagt fram sitt budsjettforslag, opplyser Nordhagen Ilstad.

Hastemøte
Opprinneleg var møtet tenkt for FAU-representantar frå dei kommunale skulane.

– Men møtet blir også for FAU-representantar frå barnehagane. FAU i barnehagane kalla inn til eit hastemøte måndag for deretter å kunne bli med på kommunalt FAU-møtet i dag, etter at rådmannen hadde lagt fram sitt budsjettforslag. Det seier også noko om alvoret i dette, seier Nordhagen Ilstad.

Med alvoret meiner ho at det ikkje er så mykje meir å kutte i oppvekstbudsjettet, etter at denne sektoren har opplevd fleire kutt over fleire år, og at det derfor er viktig at foreldregruppa kjem på banen for å gi uttykk for korleis dei ønsker at det kommunale tenestetilbodet innan oppvekstsektoren skal vere.

I rådmannens budsjettforslag er det ikkje presisert kor dei 1,6 millionane skal hentast. Kuttet er plassert under posten ”oppvekst og kultur”, men skulane utgjer den største driftsdelen i denne budsjettposten. Deretter følger barnehagane. I tillegg foreslår rådmannen å kutte 3,7 millionar kroner i kommunale innkjøp.

– Skore til beinet
– Hadde alt vore strålande i skulane i Sauda, så kunne ein kanskje forventa at skulane ikkje blei skåna når budsjettet skal bli kutta. Men nå er ikkje verkelegheita slik. Økonomien til skulane er skore inn til beinet, på nasjonale prøvar ligg skulane i Sauda under snittet og det er ei aukande trend at det blir fleire elevar som har utagerande åtferd. Derfor er det viktig at foreldregruppa kjem på banen. På møtet tysdag må me ta stilling til korleis me skal forhalde oss til rådmannens budsjettforslag. Det kan eg ikkje uttale meg noko om nå i forkant, seier Nordhagen Ilstad.

Dei siste åra har Sauda kommune sett seg nødt til å gjere kutt i driftsbudsjettet kvart år. For eitt år sidan måtte oppvekstsektoren ta eit kutt på 3 millionar kroner, året før var kuttet på 1,2 millionar. I desember 2015 blei det vedtatt å kutta i stillingar og i vikarbudsjettet til oppvekstsektoren.

Jane Nordhagen Ilstad åtvarer mot at debatten ikkje endar i ein skulestrukturdebatt.

– Dette handlar om at det alt i dag er for få ressursar i skulane, samtidig som dei driv kostnadseffektivt. På toppen av dette foreslår altså rådmannen ein ny kuttrunde, seier Jane Nordhagen Ilstad.

– Verdival
Utdanningsforbundets tillitsvalt ved Risvoll skule, Stefan Moen Søfting, meiner dette handlar om eit verdival.

– Ønsker Sauda kommune å satse på barn og unge? Eg er spent på kor dei skal finne dei 1,6 millionane. Før det kjem meir konkret om kor pengane skal hentast, er det vanskeleg å meine særleg meir, seier Moen Søfting.

Han legg ikkje skjul på at han fryktar ein ny skulestrukturdebatt.

– For lite til vikarar
Status i dag er at det ikkje er nok pengar til vikarar, opplyser barnehageleiar og ungdomsskulerektor.

På spørsmål om kva som er status i drifta av Veslefrikk barnehage, opplyser barnehagestyrar Berit Haustavik at situasjonen i dag er at dei opplever utfordringar når det gjeld å ha nok bemanning som til ei kvar tid er innanfor krava i forskriftene.

– Me er nok tilsette ut ifrå krava, men desse tilsette blir sjuke, skal på kurs eller avvikle ferie. Det er i desse situasjonane at me opplever utfordringar i dagens drift. Det er lite pengar til vikarbruk. Dersom me må ta nye kutt vil desse utfordringane bli enda større, seier Haustavik.

I tillegg opplyser barnehageleiaren at dei i dag opplever utfordringar med å gjennomføre tidleg tverrfagleg innsats innanfor førebyggande arbeid.

– Dette er det lite ressursar til i dag. Må me ta nye kutt vil det også gå ytterlegare ut over dette arbeidet, samtidig som det er eit uttalt mål at me skal prioritere denne typen arbeid, seier Berit Haustavik.

Barnehagestyraren presiserer at ho ikkje veit om det ligg an til kutt ved Veslefrikk barnehage, sjølv om rådmannen foreslår å kutte 1,6 millionar kroner innan oppvekst- og kulturområdet til kommunen.

– Det er tøft
På spørsmål om kva konsekvensar ytterlegare budsjettkutt vil få for Sauda ungdomsskule, opplyser rektor Lars Terje Sandvik at det er på bemanningssida at kutta i så fall må bli tatt.

– Det aller meste me har av utgifter er lønnsutgifter. I dag har me svært lite pengar til vikarbruk. Vikarbudsjettet me har i dag dekker ikkje behovet vårt. Må me ta nye kutt seier det seg sjølv at det vil bli tøft, seier Sandvik.

Han presiserer at han ikkje kjenner til korleis det foreslåtte kuttet på 1,6 millionar kroner skal fordelast.

– I tillegg er situasjonen at me i dag har lite pengar til innkjøp. Blir det kutta i innkjøpsbudsjettet seier det seg sjølv at det vil få ytterlegare konsekvensar for drifta vår. Det vil bli vanskeleg å kjøpe inn det me ønsker å kjøpe inn til vår skule. Det er alt kutta svært mykje før dette budsjettforslaget kom, opplyser Lars Terje Sandvik.

Rådmannens budsjettforslag:
I sitt forslag til budsjett 2019 foreslår saudarådmannen å ta ned drifta til Sauda kommune med 12 millionar kroner. Rådmannen foreslår følgande kutt:

1 mill: Fjerne éin kommunalsjefstilling

3,1 mill: Legge ned fem korttidsplassar innan helse og omsorg

2 mill: Redusere konsulentbruk og bistand innan barnevernet

1,6 mill: Generelle reduksjonar innan oppvekst og kultur

3,7 mill: Reduksjon i kommunale innkjøp

1,1 mill: Generell reduksjon innan området næring og samfunn

 

Meiner Sauda driv for dyrt
Saudarådmannen meiner Sauda kommune har god økonomi, samanlikna med mange andre kommunar, sjølv om budsjettet må kuttast.

I sitt forslag til budsjett påpeiker rådmann Rune Kloster Tvedt at Sauda kommune har eit kostnadsnivå på 102 prosent i forhold til gjennomsnittet av norske kommunar. Det betyr at Sauda kommune har litt dyrare drift enn gjennomsnittskommunen.

Samtidig meiner rådmannen at Sauda kommune har inntekter på 119 prosent samanlikna med gjennomsnittet av landets kommunar. Årsaken til at Sauda har høgare inntekter, er at kommunen får inntekter frå kraftproduksjonen i saudafjella. Dette er ”ekstrainntekter” som svært mange kommunar ikkje har.

– Kommunebarometeret viser at Sauda jamt over har god kvalitet på tenestene, men at kostnadsnivået er for høgt, ifølge Kloster Tvedt.

Han meiner at Sauda kommune vil ha gode økonomiske rammer i sine tenester, samanlikna med andre kommunar, sjølv om driftsbudsjettet blir slanka.

Rådmannen legg derfor opp til å omprioritere 1 prosent av rammebudsjettet over til næring, i tillegg auke innsatsen på kommunens prioriterte område. I 2020 ønsker rådmannen å omprioritere 2 prosent. I 2021 meiner rådmannen 3 prosent bør omprioriterast. Å skape nye arbeidsplassar og auke innbyggartalet i Sauda påpeiker rådmannen er eit prioritert område for Sauda kommune. Dette meiner rådmannen er viktig for å skape betre demografisk balanse. I dag har Sauda den eldste befolkninga i Rogaland.