Kommunalminister Monica Mæland saman med ordførardelegasjonen under gårsdagens møte. Foto: Privat.
Kommunalminister Monica Mæland saman med ordførardelegasjonen under gårsdagens møte. Foto: Privat.

Krev meir båtpengar

Ryfylkeordførarane drog til Oslo for å be kommunalministeren om meir pengar til å drifte hurtigbåtane.

Torsdag drog saudaordførar Asbjørn Birkeland for å møte kommunalminister Monica Mæland. Med seg hadde han fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal og ei rekke andre ordførarar i Ryfylke. Dei reagerer sterkt på at regjeringspartia har kutta drastisk i overføringane til hurtigbåtane i Rogaland. Dette har ført til at Kolumbus har sett i gang ein prosess for å redusere båttilbodet, noko som vil ramme Ryfylke-kommunane.

Bakgrunnen for kutta i dei statlege overføringane er at ein ny fordelingsnøkkel har blitt innført. Nå er det antal kilometer kystlinje som blir lagt til grunn, og dette har slått svært uheldig ut for Rogaland. Rogaland har eit stort fjordbasseng i forhold til fylkets kystlinje, samanlikna med andre fylke i landet.

I tillegg til å diskutere dette med kommunalministeren, har Sauda tatt initiativ til å utforme eit opprop som er sendt til Stortinget sin Kommunal- og forvaltningskomite. Dette oppropet har åtte ordførarar i indre delar av Rogaland signert.

Ordførarane ber om at fylkeskommunar som har tapt på den nye fordelingsnøkkelen får ein kompensasjon over neste års statsbudsjett. Vidare ber dei om at det blir tatt initiativ til at Kommunal- og moderniseringsdepartementet revurderer kystlinjekriteriet i den komande høyringa om nytt inntektssystem frå 2020.

Ordførarane viser til at geografien i Rogaland, samt reisemønsteret til og frå arbeid og skule, er slik at Ryfylke har eit uomtvisteleg behov for å oppretthalde tidseffektiv kollektivtransport til sjøs. Ordførarane meiner at Rogaland vil oppleve ein alvorleg og langvarig finansiell ubalanse i kollektivtilbodet til sjøs dersom ikkje kriteria i fordelingsnøkkelen blir endra.