Sjuandeklassingane ved Fløgstad skule vann regionfinalen i First Lego League laurdag. Nå bli det Oslo-tur og skandinavisk finale om to og ei halv veke. Foto: Ingvil Bakka.
Sjuandeklassingane ved Fløgstad skule vann regionfinalen i First Lego League laurdag. Nå bli det Oslo-tur og skandinavisk finale om to og ei halv veke. Foto: Ingvil Bakka.

Sjokksiger i First Lego League

Sjuande klasse ved Fløgstad skule er vidare til skandinavisk finale i verdas største kunnskaps- og teknologiturnering.

– Det var stor jubel då me vann, ja. Me hadde ikkje forventa det, for me kom ikkje  skikkeleg i gang før éi veke før konkurransen, seier Lucas Helle Løvaas.

Det var laurdag at Fløgstad skule gjekk heilt til topps i regionfinalen i kunnskaps- og teknologikonkurransen First Lego League. Laget frå Sauda, med namnet ”Space 365”, blei nominert i alle seks kategoriane i konkurransen, og vann marknadsføringsprisen, tok andreplassen i robotkonkurransen og vann den gjevaste prisen av dei alle: Championsprisen. Dermed er det sjuandeklassingane ved Fløgstad skule som skal representera Haugalandet i den skandinaviske finalen i Oslo 1. desember.

Lukt i verdsrommet
Ryfylke fekk ein liten prat med tolvåringane Lucas Helle Løvaas, Oscar Coll Birkeland og Elias Fiveland Seim på slutten av skuledagen i går, måndag. Dei tre fortel at klassen sleit med å komma i gang med prosjektet sitt. Årets konkurranse har teamet ”Into orbit”, og sjuandeklassingane sleit spesielt med å finna ei god problemstilling som dei kunne jobba med. I tillegg fekk dei ikkje svar på epostar og tida nærma seg fort konkurransen på Kopervik.

– Men så laga me problemstillinga ”Kan astronautar ta fleire kjende lukter med seg i verdsrommet?”. Me laga ein luktbok, med fleire kammer, med ein nylonstrømpe i botn og ei rist over, forklarer Elias.

Klassen kunne då jobba vidare med dei andre oppgåvene knytt til prosjektet – og var såleis klar for å delta i regionfinalen.

Nervøs stemning
Dei aller fleste i klassen reiste ut til Kopervik tidleg laurdag morgon. Tre av dei, blant dei Lucas, valde å overnatta i Haugesund. Lucas, som var ein av elevane som deltok i robotkonkurransen, innrømmer at han var frykteleg nervøs.

– Det var liksom veldig skummelt. Då eg skulle legga meg på kvelden var eg heilt kvalm og eg hadde ikkje matlyst før konkurransen. Men eg gleda meg også, sjølvsagt, presiserer han.

Samansveisa klasse
I tillegg til å vinna pokalar, vann sjuandeklassen 5000  kroner då dei vann hovudpremien Championsprisen.

– Pengane skal brukast på reisa til Oslo, forklarer Oscar.

Tilbake på skulen verkar det som om gutane er klare for litt vanleg skule etter fleire veker med intens First Lego League-jobbing. Fleire gonger har dei jobba med prosjektet på kveldstid, i tillegg til at det har gått med mange skuletimar.

– Nå skal me ha vanleg skule denne veka. Me har ein del prøvar å ta igjen. Så blir det vel litt øving og trening når det nærmar seg Oslo-reisa, seier Oscar.

At det har vore eit kjekt prosjekt er alle tre einige om. I fleire år har dei sett fram til å starta i sjuande klasse og med dette få delta i First Lego League-konkurransen.

– Me har hatt det veldig kjekt, og dette har nok gjort oss som klasse meir samansveisa, ja, seier dei.

Om Oscar, Lucas eller Elias blir inspirert til å velga forsking, marknadsføring eller teknologi som utdannings- eller yrkesveg er uvisst.

– Det er nok for tidleg å seia det. Men det er nok ein litt større sjanse for det, smiler Lucas.

Avslutningsvis vil gutane, på vegner av klassen sin, rosa alle dei flinke medhjelparane sine og ikkje minst dei viktige sponsorane som har støtta dei i prosjektet.