Eit breitt budsjettsamarbeid i fylket resulterte i godt nytt for Indre Ryfylke, med utsett kutt i hurtigbåttilbodet og muleg løysing for flaumsikring i Svandalsfossen.

Fylkesutvalet vedtok tysdag å freda hurtigbåtrutene i Ryfylke i 2019 i von om at forhandlingar med samferdselsdepartementet kan føra til reversering av den nye fordelingsnøkkelen for fordeling av støtte til hurtigbåtruter. Foto: Knut Atle M. Seim.

– Ingen hurtigbåt-kutt i 2019

Eit breitt budsjettsamarbeid i fylket resulterte i godt nytt for Indre Ryfylke, med utsett kutt i hurtigbåttilbodet og muleg løysing for flaumsikring i Svandalsfossen.

av Knut Atle Seim

Tysdag var fylkesbudsjettet for 2019 oppe til behandling i fylkesutvalet. Eit breitt samarbeid mellom Kristeleg Folkeparti, Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre, Høgre og Miljøpartiet dei grøne sørga for eit budsjett med ei rekke gode Sauda-saker.

– Eit godt samarbeid mellom løysingsorienterte partar, slår Lin Veronica Jacobsen, fylkespolitikar for Arbeidarpartiet og varaordførar i Hjelmeland fast. Ho oppsummerer kort eit budsjett der Indre Ryfylke kjem godt ut av det med omsyn til både samferdsel, stimulering til vekst og kompetanseheving.

Både Jacobsen og Høgre sin gruppeleiar Janne Johnsen uttrykker seg rimeleg fornøgde med resultatet av budsjettsamarbeidet, der begge sine parti fekk gjennomslag for dei fleste av sine saker.

Avventar hurtigbåtsaka
– Finansieringa av hurtigbåtrutene blir ikkje redusert i 2019 og det er ei kjempebra sak, særleg for Indre Ryfylke, seier Jacobsen. Med det håpar ho at ein kjøper seg tid nok til at departementet kan endra fordelingsnøklane for tilskot til båtrutene. Viss ikkje, trur ho det kan vera utfordrande å få nokon til å ta på seg å drifta rutene i framtida.

– Ytre Ryfylke får snart Ryfast på plass og med det vil reisemønsteret der endra seg. Indre strok er langt meir sårbare og eg kjem til å stå meir på for å oppretthalda tilbodet her enn lenger ute i fjordane, forklarer ho.

Høgres gruppeleiar Janne Johnsen meiner det er realistisk å håpa på ei omgjering av reduksjonen i den statlege finansieringa.

– Me har stor tru på at det er muleg å forhandla fram ei reversering av det varsla kuttet frå staten, derfor går me ikkje in for å redusera rutetilbodet i 2019, stadfestar ho.

Dei to fylkespolitikarane opplyser at den pågåande prosessen med å redusera kostnadene til drift av båtrutene uansett vil halda fram, mellom anna med ein høyringsrunde ute blant kommunane.

Mot Svandsfoss-sikring?
Fylkesutvalet gjekk tysdag samrøystes inn for å greia ut bruken av ny teknologi i flaumsikringa av Svandalsfossen på Fv 520. Forslagsstillar Janne Johnsen frå Høgre synest løysinga med ein midlertidig tunell er svært spennande.

– Knut Pedersen i RoadCap tok kontakt i samband med eit avisoppslag om sikring av Rødsliane på Rv 13. Ideen han la fram høyrdest interessant ut og eg fekk med meg samferdselssjef Gottfried Heinzerling til eit møte med sandnesfirmaet. Under deira presentasjon slo det meg at dette kunne vera noko for sikring av Svandalsfossen òg.

Johnsen er klar på at flaumsikringa på innfartsvegen til Sauda har høg prioritet.

– Fossen stenger av ein del av fylket vårt og dette går ut over tryggleiken til dei som bur innanfor fossen, det må me få gjort noko med, slår ho fast.

– Dette er ein kul budsjettsak. Gjennom denne nye måten å tenka vegsikring på får me kombinert nytenking, innovasjon, omstilling og nye arbeidsplassar. Det aller viktigaste er likevel at løysinga er trygg, seier høgrepolitikaren, og legg til at noko av det som gjer dette konseptet så spennande er at tunellen kan vera på plass på bare nokre timar.

Ho er glad for at forslaget blei godt mottatt av dei øvrige partia i budsjettsamarbeidet.

Nå blir det opp til fylkesadministrasjonen å følga opp ordren frå politikarane

– Målet må vera at sikringa kan vera på plass innan hausten 2019, meiner Johnsen.

Også Jacobsen er spent på om RoadCap si løysing vil gi den nødvendige trygginga av dei vegfarande til og frå Sauda.

– Eg håpar dette er ein god idè. Me må uansett prøva det, og me får i alle høve på plass ei løysing som kjøper oss tid til å finna ut korleis me skal løysa flaumproblema på permanent basis, seier Lin Veronica Jacobsen, som er glad for at ein har valt å sjå vekk frå det faktum at sikring av Svandalsfossen ikkje er nemnt i handlingsplanen for fylkesvegar.

Næringsfond og skulefrukost
Fylkesutvalet vedtok også å setta av 5,9 millionar kroner i eit nytt regionalt næringsfond. Midlane skal nyttast til å stimulera til næringssatsing i dei områda av Rogaland som har størst utfordring med næringsutvikling.

Ei av hjartesakene til Arbeidarpartiet har vore å tilby elevar ved den vidaregåande skulen i Rogaland gratis frukost. Lin Veronica Jacobsen er glad for at det no blir ein realitet.

– Ordninga er innført på åtte skular alt. Tanken er ikkje å laga noko dyrt og avanser, me snakkar meir i kategorien havregraut, men her kan skulane laga lokale tilpassingar. Skulefrukosten handlar ikkje bare om mat, men er òg ein sosial møteplass, noko som har vore veldig positivt andre stader, fortel ho.

Jacobsen er også fornøgd med at Utdanning i Ryfylke, UIR, skal vidareførast gjennom pilotprosjektet MOR «Motivasjon, opplæring og rettleiing» i Ryfylke og at ryfylkeskulane si tilnærming til livslang læring i distrikta nå vekker nasjonal merksemd.

Fylkesbudsjettet blir endeleg vedtatt av fylkestinget i deira julemøte 11. – 12. desember.