Abonnementsansvarleg Bente Rasmussen og redaktør og dagleg leiar Knut Atle Seim håpar at abonnentane liker arkivtilbodet. Foto: Ingvil Bakka.
Abonnementsansvarleg Bente Rasmussen og redaktør og dagleg leiar Knut Atle Seim håpar at abonnentane liker arkivtilbodet. Foto: Ingvil Bakka.

Ryfylke-historia er digital

I det digitale arkivet til avisa Ryfylke kan ein nå henta opp over 50 000 avissider, heilt frå dag éin i 1926 til i dag. ­ – Fort gjort å bli hekta, meiner redaktør og dagleg leiar Knut Atle Seim.

Synest du å hugsa at du og vennene dine blei fotografert av ein Ryfylke-journalist ein gong tidleg på 1980-talet? Vil du lesa om Kløver-brannen nyttårsaftan i 1978? Korleis dekka Ryfylke storstreiken på smelteverket i 1970? Var det ikkje eit bilde i avisa då oldefar blei 90 år? Eller er du nysgjerrig på kor mange gonger du samla inn pengar til Redd Barna i oppveksten?

92 år med historie
Nå er svaret bare eit par tastetrykk unna. Alle avisene Ryfylke har laga sidan etableringa 5. juni 1926 er nå lagra i Ryfylke sitt digitale arkiv. Arkivet er bare tilgjengeleg for abonnentar, som må logga seg inn med brukarnamn og passord for å kunna boltra seg i den 92 år lange avishistoria.

Meir brukarvenleg
Redaktør og dagleg leiar i Ryfylke, Knut Atle Seim, fortel at arkivet har vore tilgjengeleg sidan i sommar, men at det er først i dag, fredag, at arkivet er blitt meir synleg og lettare brukarvenleg på nettsidene til avisa.

– Dette er eit eksklusivt tilbod til abonnentane våre. Her kan ein finna kvar einaste avisside Ryfylke har gitt ut. Nå kan ein sitta heime og kosa seg med søkinga, framfor å dra ned på avishuset og bla på måfå i eldgamle avispermar, seier han.

Digitaliseringa er i så måte viktig for å sikra avishistoria for all framtid. Arkivet vil også vera nyttig for historieinteresserte saudabuar og for avisa sin eigen redaksjon. Tidlegare har bare avisutgåver frå midten av 2000-talet vore lagra digitalt, alt før dette har kun eksistert i fysiske permar.

Stor investering
Det er det norske firmaet Zissor som har tatt jobben med å laga det digitale arkivet for Ryfylke. Avisa har sendt frå seg permar med aviser til Sveits, der kvar enkelt avisside har blitt skanna. Totalt dreier det seg om over 50 000 sider. Kostnaden ligg på mellom 200 000 kroner og 300 000 kroner. Sauda bedriftkapital og Ryfylkefondet har bidratt med midlar, resten har Ryfylke sjølv investert.

Blir hekta
Fleire personar har testa arkivet sidan i sommar, og mange melder om at det er fort gjort å bli hekta på søkinga.

– Ein begynner å lesa andre saker i avissidene ein får opp, og så blir ein sittande. Ein får opp utruleg mykje interessant. Slik sett er dette svært underhaldande, seier Seim.

Han understrekar at avisarkivet er saudahistorie sett med Ryfylke sine auger.

– Det er ikkje slik at her finn ein alle fakta om alt som har skjedd. Men ein får opp det Ryfylke valde å skriva om, påpeiker han.

Elles minnar han om at det er ein fordel med noko søkekunnskap når ein skal leita i arkivet. Ein kan avgrensa søka tidsmessig, søka på tema og namn.

– Mange liker å søka på seg sjølv. Hugs då å skriva namnet ditt i hermeteikn. Elles får du opp alle resultat der same førenamn og same etternamn er nemnd, forklarer han.