Synest det er for dyrt

Under møtet i ungdomsrådet onsdag 21. november blei også prisane i Saudahallen eit tema.

I budsjettdiskusjonen vedtok ungdommane å seia ifrå om at dei synest det kostar for mykje å nytta badetilbodet i Saudahallen..

– Ungdomsrådet meiner prisane i Saudahallen er veldig høge. Ved ein lågare sats vil fleire ungdommar bruka Saudahallen, heiter det i vedtaket.

I ungdomsrådet sitt møte møtte denne gong Daniel G. Rusten, Håvard Handeland, Kaia Hpheimsnes, Madli Ådneram, Mohammad Omar Omar, Nora Fosstveit, Tobias Arnøy Årthun. Farook Al-Sheik og Titinan Løvik hadde meldt forfall.

Møtet blei leaia av Kaia Håheimsnes. Solfrid Løvbrekke Handeland er fast møtesekretær for ungdosrådet.