Undersøkingar viser at vegane til utfartsområda i Sauda treng utbetringar for millionar av kroner. Øvst på prioriteringslista står Amdalsvegen i Nordstøldalen.

Siste vegstubben opp til Brekkestølsbrotet er smal, bratt og svingete. Den står øvst på kommunen si prioriteringsliste, men føreløpig er det ikkje løyva pengar til utbetringane. Foto: Ingvil Bakka.

Plan: Vegopprustingar til 13,8 millionar

Undersøkingar viser at vegane til utfartsområda i Sauda treng utbetringar for millionar av kroner. Øvst på prioriteringslista står Amdalsvegen i Nordstøldalen.

av Ingvil Bakka

Prioriteringsliste:

 

  1. Nordstøldalen (Amdalsvegen). Utviding av vegbreidde i øvste del mot Brekkestølsbrotet. Kostnad er anslått til to millionar kroner.
  2. Nordstøldalen (Amdalsvegen). Masseutskifting og asfaltering. Kostnad anslått til fire millionar kroner.
  3. Herheimsdalen (Fiveland), Utvida vinterparkeringsplass. Kostnad er anslått til 600 000 kroner.
  4. Herheimsdalen (Fiveland). Utbetra kryss ved fylkesveg 520. Kostnad er anslått til tre millionar. Her ser ein føre seg å laga ein teknisk plan for krysset, eit arbeid som kan kosta 200 000 kroner. Hensikta med planen er å fp det inn som eit prosjekt hos vegvesenet. Ei forbetring av dette krysset er einomfattande prosess med ei tidsramme på om lag tre år.
  5. Slettedalen (Slettedalsvegen). Masseutskifting og asfaltering. Kostnad er anslått til fire millionar kroner.
  6. Herheimsdalen (Fiveland). Asfaltering frå Fiveland inn til vinterparkeringsplass. Kostnad er anslått til 200 000 kroner.

Totalt anslått kostnad: 13,8 millionar kroner.

Undersøkingar viser at vegane til utfartsområda i Sauda treng utbetringar for millionar av kroner. Øvst på prioriteringslista står Amdalsvegen i Nordstøldalen.