Lokalavisredaksjonen ønsker å vera meir tilgjengeleg for tipsarar.

Ryfylkeredaksjonen, her representert ved redaktør Knut Atle Seim (frå venstre) og journalistane Frank Waal og Even Emberland, vil nå rullera i ei firedelt helgevaktordning. Foto: Ingvil Bakka.

Ryfylke innfører helgevakt

Lokalavisredaksjonen ønsker å vera meir tilgjengeleg for tipsarar.

av Knut Atle Seim

– Me ønsker å laga ei best muleg avis, der me er i kontakt med lesarane vår og er tett på hendingar i lokalsamfunnet. Me innser at terskelen for å kontakta redaksjonen blir lågare dersom me gjer oss endå meir tilgjengelege gjennom ei vaktordning og ein tipstelefon, seier Knut Atle Seim, redaktør og dagleg leiar i avisa Ryfylke.

Fast helgevakt
Fram til 1. januar 2017  hadde Ryfylke ei vaktordning der journalistane i avisredaksjonen rullerte i ein vekebasert vaktplan. Nå, to år seinare, innfører avisa ei ny ordning med helgevakter, der redaksjonen vil vera tilgjengeleg døgeret rundt på ein tipstelefon. På dagtid i vekene vil ein også kunna få direkte kontakt med redaksjonen på denne telefonen.

– Men me har nå ingen på vakt i vekene, derfor vil ein ikkje alltid få umiddelbar respons dersom ein ringer eller melder tipstelefonen på ettermiddag, kveldar og netter i vekene, forklarer Seim.

Kun redaksjonelle tips
Helgevakta vil vara frå fredag ettermiddag til måndag morgon. Ved akutte hendingar kan ein kontakta tipstelefonen, når som helst på døgeret, og så vil det bli vurdert om vakta skal rykka ut på oppdraget eller ikkje. Helgevakta vil også ta seg av dekking av arrangement.

– Me oppmodar folk til å varsla oss om planlagde arrangement i god tid på førehand. Det vil då vera lettare for helgevakta å planlegga jobbinga i helga, seier Seim.

Han presiserer at helgevakta og tipstelefonen kun vil gjelda for tips til redaksjonen i avisa. Har ein spørsmål om annonsar og abonnement må ein ta direkte kontakt med marknadsavdelinga i avisa på dagtid. Det kan ein gjera ved å ringa avisa sitt vanlege fasttelefonnummer.

Bra for kontakten
Redaktør Knut Atle Seim håpar at folk igjen tar i brukt tipstelefonen til Ryfylke, og held fram med å varsla redaksjonen om store og små hendingar i lokalsamfunnet vårt.

Han er ikkje i tvil om at ein fast tipstelefon vil vera bra for kontakten mellom redaksjonen og lesarane.

– Utan eit definert ansvar for ein tipstelefon, kanskje spesielt i helgane, har me i desse to siste åra opplevd at me ikkje har klart å vera tett nok på akutte hendingar. Det håpar me å bli betre på nå når me har helgevakt og tipstelefon, sjølv om me sjølvsagt ikkje kan garantera at me alltid kan rykka ut umiddelbart, forklarer Seim.