Hulda Asgeirsdottir Birkeland gler seg til å ta over som dagleg leiar for F & R Treningssenter. Her i aksjon som instruktør på ein tabatatime måndag føremiddag. Foto: Even Emberland.
Hulda Asgeirsdottir Birkeland gler seg til å ta over som dagleg leiar for F & R Treningssenter. Her i aksjon som instruktør på ein tabatatime måndag føremiddag. Foto: Even Emberland.

Hulda tar over som Frisk & Rask-leiar

Brenn for å hjelpe andre, nå som dagleg leiar.

Hulda Asgeirsdottir Birkeland blir frå 1. februar F & R Treningssenter sin nye daglege leiar. Ho takka ja til jobben på nyttårsaftan, og treningssenteret offentleggjorde tilsettinga i førre veke.

Birkeland har jobba for F & R Treningssenter i fire år. Då har arbeidsmengda vore variert, alt etter kva anna arbeid ho har hatt, både gjennom føretaket «Fysioterapeut Hulda Asgeirsdottir Birkeland», ved asylmottaket til Hero og andre jobbar, som til dømes lærarvikariat.

Nå er ho klar for å ta fatt på ein 100 prosent-jobb ved treningssenteret.

– Først og fremst gler eg meg. Men eg er jo nervøs og spent også. Det trur eg kanskje bare er bra, for det gjer meg audmjuk overfor oppgåva. Eg brenn for å hjelpe andre, og det trur eg at eg kan gjere i denne jobben også, forklarer Birkeland.

Éin arbeidsstad
Som dagleg leiar vil ho halde fram med fysiobehandling og gruppetimar, men mykje blir likevel nytt med personalansvar og administrativt ansvar.

– Både for min del og for senteret sin del er det gull verdt at Gunn skal jobbe vidare her. Ho kan svare på spørsmål eg har og lære meg opp. Det gir tryggheit. Eg trur at eg og Gunn tenker ganske likt på mange område, eg skal ikkje revolusjonere senteret.

– Kva gler du deg mest til i den nye jobben?

– For min personlege del er det at nå får eg éin arbeidsstad. Eg kan gå all in her, alt er på same stad. Det blir ein ryddigare arbeidskvardag for meg samanlikna med det eg har hatt, seier Birkeland.

– Eit bra grep
Forutan å vere dagleg leiar fram til 1. februar, er Gunn Bastlien også éin av eigarane til treningssenteret. Ho gjekk inn som medeigar og dagleg leiar tilbake i 2007.

– Eg skal fortsette å vere på Frisk og Rask, men det er ennå uavklart kva omfang det blir. Eg trur det er sunt å få inn nye hovud og nye tankar. Det er ikkje ein ni til fire-jobb, men ein jobb kor du må vere på heile vegen. Då trur eg det er lurt å sleppe til nye og unge krefter. Eg er jo eigar også, så eg ønsker jo det beste for senteret, og dette trur eg er eit bra grep, seier Bastlien.

Odd Magne Lønseth er styreleiar i F & R  Treningssenter. Han opplyser at det var fem personar som søkte stillinga som dagleg leiar då dei lyste ho ut.

– Me hadde ein intervjurunde kor me snakka med fleire kandidatar. Dei me hadde intervju med var godt kvalifiserte med relevant arbeidserfaring. Me var veldig fornøgde med søkarane. Med Hulda får me ein leiar som er godt kvalifisert. Ho har solid og relevant praksis, og ho har sett ulike kulturar og hatt ulike leiarar gjennom sitt arbeid på fleire arbeidsplassar. Me er godt fornøgde med at det er ho som tar over som dagleg leiar, seier Lønseth.