Fire norske politidistrikt, blant dei betjentane i Sauda, skal testa ut elektrosjokkvåpenet i to år.

Politiet i Sauda er nå væpna med elektrosjokkvåpen. Målet er at våpenet kan bidra til å få lettare kontroll på utagerande personar, og å redusera risiko for skader. Foto: Ingvil Bakka.

Politiet – nå med elektrosjokkpistolar

Fire norske politidistrikt, blant dei betjentane i Sauda, skal testa ut elektrosjokkvåpenet i to år.

av Ingvil Bakka

Elektrosjokkpistol-testinga:

* Eit prøveprosjekt over to år.

* Blir testa ut i politidistrikta Troms, Sør-Vest, Øst og Oslo.

* Hausten 2018 fekk rundt 500 politibetjentar opplæring i korleis og i kva situasjonar elektrosjokkpistolen kan brukast.

* Ein elektrosjokkpistol skyt ut to piler som gir ein elektrisk impuls når dei treffer kroppen. Støytet har høg spenning (volt), men låg straumstyrke (ampere)

* Støytet varer i fem sekund, er smertefullt og ubehageleg – og gjer at ein mistar kontroll over musklane i kroppen.

* Ein har ingen smerter etter dei fem sekunda, men kan føla seg ”slått ut” av påkjenninga.

Fire norske politidistrikt, blant dei betjentane i Sauda, skal testa ut elektrosjokkvåpenet i to år.