Det var i fjor at Øyvind Grassdal og sambuaren bestemte seg for å ta sjansen og flytte til Sauda. Det var ikkje sjølvsagt for 28-åringen frå Nord-Jæren.

Alltid beredt!

Det var i fjor at Øyvind Grassdal og sambuaren bestemte seg for å ta sjansen og flytte til Sauda. Det var ikkje sjølvsagt for 28-åringen frå Nord-Jæren.

av Even Emberland

Portrettet

Namn: Øyvind Grassdal.

Alder: 28 år.

Yrke: Lærar.

Favorittmat: Det er faktisk fiskepinnar og poteter. Det fekk eg til bursdagsmat då eg var liten, og det er fortsatt ein favoritt.

Best på TV: Eg er veldig glad i dokumentarar, særleg om historiske hendingar, men eg liker også vanlege TV-seriar som er rein underhaldning.

Ungdomsidol: Det må vere Alexander Dahle Oen. Eg dreiv med symjing, og han var innom på ei trening i symjeklubben vår. Det var stort.

Favorittpolitikar: Eg er veldig glad i Bjørnar Moxnes. Eg deler ikkje nødvendigvis politikken og synspunkta han står for, men eg synest han gjer ein god figur som politikar.

Fjord eller fjell: Er det lov å svare ja takk, begge delar? Dei kan ikkje samanliknast for min del, eg liker begge på kvar sin måte.

Livsmotto: Den var vanskeleg, eg kjem ikkje på noko som eg har hatt.

To ting du ikkje klarer deg utan: Det må bli nyheiter og kaffi.

Kven vil du gi 100 000 kroner til: Eg er jo speidargut, så eg ville gitt dei til speidaren, og då gjerne til den lokale speidargruppa som eg har sett at er her i Sauda.

Det var i fjor at Øyvind Grassdal og sambuaren bestemte seg for å ta sjansen og flytte til Sauda. Det var ikkje sjølvsagt for 28-åringen frå Nord-Jæren.