Kommunestyret gjorde fleire endringar på tampen av kommuneplan-prosessen. Nå blir planen sendt ut på høyring.

Eit einstemmig kommunestyre var onsdag fornøgd med kommuneplanen og vedtok at den skal ut på høyring. Høyringsfristen er åtte veker. Foto: Frank Waal.

Einige om kommuneplanen

Kommunestyret gjorde fleire endringar på tampen av kommuneplan-prosessen. Nå blir planen sendt ut på høyring.

av Frank Waal

Sagt i debatten om kommuneplanen:

Ivar Johannes Handeland: ”Me lovar å sykle meir dersom staten gir oss betre kommunikasjonar. Me kan ikkje sykle frå Hebnes.”

Asle Rafdal: ”Denne prosessen har vore litt opp og ned, men det administrasjonen og politikarane har kome fram til i lag er bra.”

Kristian Landro: ”Næringsutvikling er pri èin, slik at me igjen kan bli 5000 innbyggarar. I denne planen blir det lagt til rette for næringsutvikling og det blir jobba godt i kommuneadministrasjonen med næringsutvikling.”

Lisa Jane Stornes: ”Eg vil skryte av den politiske ad hoc-gruppa og alt arbeidet gruppa har lagt ned.”

Ivar Johannes Handeland: ”Me må håpe og be på våre kne at ikkje fylkesmannen og Statens vegvesen behandlar oss som eit vegkryss utanfor Oslo, når dei les igjennom kommuneplanen.”

Rune Kloster Tvedt: ”Eg er litt småimponert over det me skal vedta. Eg håpar fleire ser det livskraftige samfunnet som Sauda er.”

Kommunestyret gjorde fleire endringar på tampen av kommuneplan-prosessen. Nå blir planen sendt ut på høyring.