44 prosent av alle bustadbrannar i Rogaland i fjor starta på komfyren. Som ei påminning om faren står denne på Rådhusplassen nå. Foto: Ingvil Bakka.
44 prosent av alle bustadbrannar i Rogaland i fjor starta på komfyren. Som ei påminning om faren står denne på Rådhusplassen nå. Foto: Ingvil Bakka.

– Hald oppsikt under matlaging

Målet er å få folk bevisste på komfyrbrannfaren.

– Eg sette den utbrente komfyren på Rådhusplassen rundt midnatt natt til måndag. Den skal stå til onsdag, som er dagen for ein nasjonal komfyrvaktkampanje, der ein skal retta fokus mot dei mange komfyrbrannane i Norge, seier brannsjef i Sauda, Inge Seim.

Statistikkane viser at brannvesenet hadde 216 brannutrykkingar til bustader i Rogaland i 2018. Heile 44 prosent av desse handla om brannar som har starta på komfyren.

– Hald oppsikt under matlaging og skru av eller demp varmen dersom du blir avbroten. Det er også viktig å reingjera ventilator jamleg og passa på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen, seier Seim.

Tidlegare snakka ein ofte om komfyrvakt hos eldre, i dag er det krav om komfyrvakt i alle nye bustader, og dersom du legg opp ny kurs til komfyren din. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Under denne vekas komfyrvaktkampane vil over 200 norske brannvesen, feiarvesen og lokale eltilsyn ha ulike aktivitetar og stunt i heile landet. Komfyraktkampanjen er ein de av ”Alt vi kan mot brann”, som er ei nasjonal satsing på brannførebyggande arbeid målretta mot risikoutsette grupper.