Ubehageleg åtferd

Politiet har fått melding om at ”ein full mann” skal ha oppført seg ubehageleg mot to tenåringsjenter. Mannen skal ha følgt etter dei to jentene og opptredd på ein måte som dei syntes var ubehageleg. Det var foreldra til jentene som meldte frå til politiet tysdag.

– Det er ikkje snakk om noko antasting, men oppførselen skal ha vore ubehageleg for jentene. Me har namnet på mannen, og vil gå i dialog med han, seier politioverbetjent ved Sauda og Suldal lensmannsdistrikt, Thomas Wahl.