Målarmeistrane Anne Louise Gjør (frå venstre) og Ragnhild Elisabeth Vale ser på dei 88 år gamle, oppsmuldra tapetbitane frå Folkets Hus-kontora saman med kultursjef Åshild Marie Øverland. Foto: Ingvil Bakka.
Målarmeistrane Anne Louise Gjør (frå venstre) og Ragnhild Elisabeth Vale ser på dei 88 år gamle, oppsmuldra tapetbitane frå Folkets Hus-kontora saman med kultursjef Åshild Marie Øverland. Foto: Ingvil Bakka.

Laga nytt, originalt tapet

Nokre få, oppsmuldra tapetbitar var alt som trengtes. Kontora i Folkets Hus er nå ferdig-restaurerte.

– Tapetbitane smuldra opp i hendene våre. Men eg meiner me har fått det til, seier Anne Louise Gjør.

Ho er målarmeister og dekorasjonsmålar og har saman med kollega Ragnhild Elisabeth Vale, målarmeister og forgyllar, hatt ansvaret for å restaurera veggane i dei fire kontora i murbygget Folkets Hus.

Under det store renoveringsarbeidet i Folkets Hus-bygget dei siste åra er det meir enn storsalen, lillesalen, gangar og trapper som har vore gjennom store restaureringar. På veggene i dei fire kontora i gangen som i dag ligg mellom ungdomsklubben og Kraft Kafe i nybygget, er det gjort eit nøye restaureringsarbeid med veggane. Under fleire lag med ulike tapet i diverse ”grelle” pastellfargar, kom ein til slutt inn til originaltapetet som blei klistra opp på veggane i 1931.

– Det er ein type sagmugg-tapet, som var svært vanleg på 1930-talet. I dag er den lite brukt, men me har fått tak i ein sagmuggtapet som me har tatt utgangspunkt i, og som me har jobba med for å få den rette strukturen og fargen, forklarer Gjør.

Dei to målarmeistrane forklarer korleis dei har gått fram og nemner ein ”strektrekkar”, som trekker lange strekar i ulik tjukkelse i tapetet, og bruk av linolje og sølvpigment.

Damene brukte fem dagar på tapetarbeidet.

Dei viser fram utstyr som dei har brukt til å rulla målinga på tapetet med stødig hand.

– Enkelte stader i dei gamle tapetbitane var det små humpar i strekane. Arkitekten bad oss om å også legga inn slike humpar i det nye tapetet, forklarer Gjør.

Kultursjef Åshild Marie Øverland er strålande fornøgd med arbeidet som er gjort med veggane i dei fire kontora.

– Dette er kjekt og historisk riktig å gjera med tanke på den mulege fredningsstatusen. Det har vore veldig spennande å klara å få romma til å framstå slik dei gjorde då bygget blei bygd. Eit viktig bidrag for å få Folkets Hus tilbake i fordums prakt, seier ho.

Kontora skal blant anna brukast av kulturhusleiar Astrid Espeland, leiar av Sauda frivilligsentral Mari Austarheim og ungdomsarbeidar Magnar Birkeland.