Glenn Tore Løland gjekk ein god VM-sprint. Foto: Einar Engdal.
Glenn Tore Løland gjekk ein god VM-sprint. Foto: Einar Engdal.

Tok seg til finaleheata på VM-sprinten

Glenn Tore Løland konkurrerte søndag i verdsmeisterskapet i randonee. Saudaløparen deltok på sprinten, kor løparane forserte totalt 85 høgdemeter i løpet av rundt tre intense minutt.

29-åringen trefte godt i prologen, kor bare dei 30 beste av totalt 60 deltakarar gjekk vidare til kvartfinalane og finaleheata. Med tida 3.26 var han innanfor med 29. beste tid. 30.- og 31.-plassen i prologen klokka begge tida 3.29.

I kvartfinalen møtte Løland skarp motstand, og han blei slått ut. Det gav 29.-plass også på den endelege resultatlista.

Løland sin landslagskamerat Hans-Inge Klette tok Norges første medalje i verdsmeisterskapet i randonee nokon gong. Klette var nest best i U23-klassen og tok sølv bak gullvinnaren, sveitsiske Arno Lietha. Lietha var best av samtlige og tok gullet også i seniorklassen, foran Iwan Arnold (Sveits) og Robert Antonioli (Italia). Klette blei totalt nummer fem i seniorklassen.

Lars Erik Skjervheim og Vegard Øie var dei øvrige nordmennene som deltok på sprinten i herreklassen. Dei enda høvesvis på 20.- og 33.-plass.

Sprinten var einaste distanse Løland går i dette verdsmeisterskapet, som held fram i dag med den individuelle konkurransen. Løland reiste etter sprinten til Frankrike for å førebu seg til den svært prestisjetunge lagkonkurransen Pierra Menta. Lagkonkurransen går over fire etappar, og tomannslaga skal forsere rundt 10 000 høgdemeter. Pierra Menta startar i morgon, onsdag, og har siste etappe på laurdag.