Fleire vil leiga

I midten av februar flytta Linda Dolmen firmaene sine R&L Fashion, Blomsterbua og frisørsalongen inn i nye lokale i Sauda sentrum. I snart ein månad har dei fråflytta lokala i Skulegata stått tomme. Etter det Ryfylke kjenner til skal det vera fleire som er interessert i å leiga lokala. Det stadfestar Dag Ole Stråbø, ein av eigarane av bygget.

– Sist, før Linda Dolmen flytta inn, stod det tomt i fleire år. Nå har me fleire som er interesserte i lokala. Men, det er ennå ikkje avgjort kven som blir ny leigetakar, seier han.

Han kan også stadfesta at det er både alt eksisterande næringar og nye næringar som vurderer å leiga lokala.