Nye informasjonstavler langs «kringlevegen»

I løpet av sommarsesongen 2019 vil Statens Vegvesen, i samarbeid med kommunar og lokale reiselivsaktørar, sørga for nyttig og oppdatert informasjon til dei vegfarande langs dei nasjonale turistvegane på Jæren og i Ryfylke. Planen er å setta opp til saman 40 informasjonstavler på dei to turistvegane for å gi dei reisande oversikt over attraksjonar og aktiviteter i området i tillegg til informasjon om Nasjonale turistvegar. Det vil òg komma opp fleire mindre tematavler der ein fortel om historiske hendingar, segner og naturfenomen som er typiske for området. Dette går fram av årsmeldinga frå Nasjonale Turistvegar, som blei publisert denne veka.

I løpet av fjoråret stod to nye anlegg ferdige langs Nasjonal Turistveg Ryfylke. Dette var Ostasteidn rasteplass og toalett på Ropeidhalvøya og eit parkerings- og fotopunkt ved Høllesli i Forsand kommune.

I tillegg er to av sidene i årsmeldinga vigd til turistveganlegget i Almannajuvet. Gjenåpninga av den 800 meter lange gruvestien og mulegheitene for igjen å kunna tilby guida turar i dei gamle gruvegangane gir ein komplett attraksjon, slår Turistvegseksjonen fast. Drifta i Almannajuvet gjekk ifølge årsmeldinga i balanse alt i sitt første driftsår med åpen gruveveg.

Nasjonal Turistveg Ryfylke er med sine 267 kilometer landets nest lengste turistvegstrekning, og vegstrekninga som har kosta nest flest Nasjonal Turistveg-kroner med sine 420 millionar.