Hjort, Landskap, sommer
Hjortejakta i Sauda i 2018 enda med 56 felte dyr, ti færre enn i 2017. Foto: Rolf Selvik.

Felte færre storvilt i 2018

Jegerane i Honganvik hadde størst uttelling ved haustens storviltjakt i Sauda.

Hjorten breier seg til stadig nytt terreng og hjortejakta inntar nye høgder. Fangststatistikkane frå 2018 viser at det blei felt 43 725 hjort i Norge i fjor, det største talet nokon gong.

Det er framleis vestlandet som er kjerneområdet for hjorten, med Sogn og Fjordane på toppen av lista med 12 300 felte dyr av ein kvote på 18 400. Det blei for første gong opna for hjortejakt i Østfold i 2018, der det blei felt elleve av ein kvote på til saman 18 dyr. Kvinnherad tronar framleis på toppen som landets største hjortekommune. I sunnhordlandskommunen blei det i fjor felt 1 197 dyr av ein kvote på 1 455, noko som gir ein fellingsprosent på 82,3.

Lokal nedgang

Sjølv om talet på felt hjort er stigande, sokk fellingsprosenten på landsbasis frå 74 prosent til 69,4 prosent i fjor. Også i Sauda gjekk fellingsprosenten ned. Medan det i 2017 blei felt 66 dyr som utgjer 46,5 prosent av kvoten på 142, var tilsvarande tal i 2018 56 av 144 dyr, som tilsvarer ein fellingsprosent på  38,9.

Også i Suldal, Etne og Odda gjekk fellingsprosenten ned frå 2017 til 2018, medan jegerane i Vindafjord presterte å heva uttellinga i det som er distriktets største hjortekommune. Her blei det felt 726 hjort av ein kvote på 883 dyr, som utgjer 82,2 prosent av den samla kvoten for hjort.

Tre av dei 37 jaktvalda i Sauda kunne rapportera om at heile hjortekvoten var felt. Dette gjaldt to jaktvald på Mollatveit med seks og tre dyr og eitt i Honganvik med tre dyr. Jegerane i Honganvik klarte i tillegg å fella dei fire rådyra dei hadde kvote på.

Dei lokale valda med størst hjortekvote er elles Åbødalen og Austarheim med 13 og 12 dyr. Hjortejakta i 2018 enda med høvesvis fire og fem dyr i desse områda.

Felte elg

Medan det ikkje blei skote elg i Sauda i 2017, gav 2018-jakta to fellinga av ein kvote på seks. Ifølge Hjorteviltregisteret var dette eit eldre hodyr i Åbødalen og eit ungt hanndyr i elgvaldet Rød-Herheim-Austarheim.

Også i Suldal blei det to treff i elgjakta i fjor, dette av ein kvote på 17. Det blei ikkje felt elg i Vindafjord eller Etne medan oddingane la ned fire dyr av dei tillatne 17.

På landsbasis er elgjakta på vikande front samanlikna med hjortejakt. Fram til 2008/2009 talde elgjakta flest felte individ, men denne er nå klart passert av hjorten. I 2018 fall 30 600 elg av kvoten på 39 800. Elgjakta kan imidlertid ennå visa til høgare fellingsprosent, med 77 mot hjortens 70.

Lite rådyr

Samanlikna med dei større slektningane ligg rådyrjakta eit stykke bak. Det blei likevel felt 23 500 individ i 2018, som er 53 prosent av kvoten på 44 300. Både Etne, Vindafjord og Suldal opplevde nedgang i rådyrjakta i fjor, sistnemnde med ein fellingsprosent på smålåtne 7,8. I Odda er det ikkje nokon jaktbar rådyrstamme.

Heller ikkje på heimlege trakter var rådyrjakta 2018 nokon höjdare. Av ein kvote på 81 dyr blei bare elleve felt, ti færre enn i 2017 og 13,6 prosent av kvoten.

I tillegg til Honganvik klarte også dei som jakta rådyr på Løyning å fylla kvoten, som rett nok var på bare to dyr. Størst rådyrkvote har ein i Åbødalen med sju dyr, der eitt av dei sju kunne rapporterast som felt i 2018.

15 reinsdyr

Villreinjakta følger andre inndelingar enn øvrig storvilt, og det blir ikkje publisert tal kommunevis. Både Åbødalen, Skaulen og Kyrkjenuten villreinvald strekker seg over område i Sauda kommune, og desse tre valda utgjer saman med Seljestad, Øyno og Seljestad det som blir kalla Skaulen Etnefjella villreinområde.

I dette området var 2017 eit heller magert jaktår med bare to felte dyr av ein kvote på 27. I 2018 var kvoten auka til 30 dyr, og reinsdyrjakta dette året var betydeleg betre enn året før. Totalt blei det felt 15 rein i heile villreinområde, mellom dei fem i Skaulen-området og to i områda rundt Kyrkjenuten.

For landet sett under eitt var det gitt ein villreinkvote på 10 575 dyr. Av desse måtte 4158 dyr bøta med livet.

Fellingstal for storvilt i Sauda i 2018 (2017)

                                               Rådyr              Elg                   Hjort   

Tildelt totalt                            81 (80)            6 (6)                144 (142)

Felt hannkalv                          1 (3)                1 (0)                10 (7)

Felt hokalv                              1 (2)                0 (0)                7 (12)

Felt hanndyr eldre                  6 (10)              0 (0)                25 (26)

Felt hodyr eldre                      3 (6)                1 (0)                14 (21)

Felt totalt                                11 (21)            2 (0)                56 (66)

Fellingsprosent                      13,6 (26,2)      33,3 (0,0)        38,9 (46,5)